Hopp til innhold

Leitar vidare etter sakna mann

Det går føre seg ein omfattande leiteaksjon i fjellet mellom Tingvoll og Meisingset i Møre og Romsdal. Ein mann i slutten av femtiåra er sakna.

Mannen blei meldt sakna i 13.30-tida søndag formiddag.

Delar av søndag kveld har leitinga med redningshelikopter vore innstilt på grunn av skodde. Men i 22-tida kunne søka med helikopter halde fram etter som skodda letta.

Det vil no bli leita vidare så lenge det er lyst.

Hyttetur

Mannen drog på hyttetur sist fredag, til fjellområdet Kjerkeberget mellom Meisingset og Tingvoll. Han skulle kome tilbake laurdag, og blei meldt sakna søndag formiddag.

Omfattande leiteaksjon

Det går føre seg ein omfattande leiteaksjon i området. Eit redningshelikopter var i aktivitet til skodda sette ein stoppar for det tidlegare søndag kveld. Men i 22-tida vart det satt i gong nye søk då skodda letta. Det er med mannskap frå Røde kors, Norsk folkehjelp, og Norske redningshunder. Om lag 40 personar tek del i leiteaksjonen.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL