Hopp til innhold

Leitar med drone etter sakna hund

Røde kors, dronar, plakatar og flygeblad har blitt sette inn for å spore opp hunden Lissi som forsvann på Hareid måndag. – Uverkeleg at folk stiller opp på denne måten, seier eigaren.

Røde Kors leitar etter hund

Mannskap frå Røde Kors Sørøyane er sette inn i leitinga etter Lissi. Fredag kveld er hunden framleis sakna.

Foto: Korpsleiar, Røde Kors Sørøyane

På kort tid har Facebook-gruppa "Vi Som Leiter Etter Eurasier Lissi" fått over 250 medlemmer. Der vert leiteinnsatsen koordinert. Blant tiltaka hittil er ein massiv plakataksjon, og utdeling av fleire hundre flygeblad i postkasser rundt om på Hareidlandet.

Lissi

Det var den elleve månader gamle tispa Lissi som sprang laus på Hareid måndag. Eigaren ber om tips om ho vert observert.

Foto: Beathe Pilskog

Hunden har vorte observert fleire stader dei siste dagane, og torsdag vart det sett inn dronar i leitinga. Fredag kveld er også Røde Kors Sørøyane ute med fem mann for å leite etter den sakna kjæledeggen.

Sprang til fjells

Det var måndag at eurasiar-tispa sprang til fjells då hundeluftaren skulle skifte band på henne. Eigar Merete Dulin var på ferie i Danmark, og vart ringt opp med melding om kva som hadde skjedd.

– Eg vart lei meg, fortvila og frustrert. Det var vanskeleg å sitte passiv i utlandet og ikkje kunne gjere noko, seier Dulin.

Merete Dulin

Eigaren Merete Dulin avbraut ferien i Danmark for å kome heim og leite etter Lissi.

Foto: Merete Dulin

Ho avbraut ferien for å kome heim og leite etter Lissi. Dulin er svært rørt, og takksam til alle dei som stiller opp.

– Eg anar ikkje kven dei fleste av dei som leitar er, og så stiller dei opp i fellesferien på denne måten. Det er rett og slett fantastisk.

Håper på det beste

Ei av dei som har stått i spissen for den spesielle leiteaksjonen er hundeoppdrettar Beathe Pilskog frå Ulstein. Ho kjenner hunden godt, sidan den kjem frå hennar oppdrett.

– Eg fekk med meg nokre og leita på måndag. Sidan har det spreidd seg til andre hundefolk. Det er fantastisk å sjå at så mange vil hjelpe til, seier Pilskog.

Beathe Pilskog

Oppdrettar Beathe Pilskog fortel at dei raskt sette i gong leitinga etter hunden.

Foto: Privat

På eit tidspunkt i går vart også det populære turområdet "Rotary" på Hareid stengt av, slik at hunden skulle få ro på seg og forhåpentleg nærme seg folk.

Pilskog synest likevel ikkje det blir for mykje oppstuss rundt ein hund som har stukke av:

– Lissi er meir enn "berre ein hund". Ein hund er eit familiemedlem, som ein blir glad i, seier ho.

Eigaren sjølv håper på det beste til det siste.

– Eg håper og trur at ho kjem tilbake, men dess lenger tid som går, dess vanskelegare blir det. Men ein må ha håpet, seier Merete Dulin.