Hopp til innhold

15-åring redda ned etter sju timar på smal fjellhylle

Etter nesten sju timar på ei smal fjellhylle kom ein 15 år gamal gut seint søndag kveld velberga ned. Klatrarar måtte gje opp, og det var til slutt eit redningshelikopter som klarte å få han ned.

Helikopter i bergingsaksjon

Eit redningshelikopter er søndag kveld i aksjon for å prøve å berge ned 15-åringen.

Foto: tipsar

Klokka 23.09: Helikopteret er landa og guten er no nede igjen og i god form.

Klokka 22.46: Guten er komen velberga ombord i redningshelikopteret.

Klokka 22.40: Redningshelikopteret er framme på staden. Guten har truleg site fast i rundt sju timar på ei smal fjellhylle.

Laster Twitter-innhold
Redningsaksjon Surnadal søndag

Store styrkar deltok i redningsaksjonen søndag kveld.

Foto: Bjørn Fjelnset

Klokka 22.20: Politiet melder at redningshelikopter er på veg fordi aksjonen er såpass vanskeleg. Fleire klatrarar skal no vere nede hos guten.

– Det er krevjande, for det er heilt mørkt og kaldt, minus tre grader, seier operasjonsleiar Øyvind Sund.

Har bedt om helikopter

Ifølgje Sund skal helikopteret vere framme rundt klokka 22.40. Han seier dei ikkje veit om klatrarane klarer å få med seg guten og hunden ut, og at helikopteret difor også er bodsendt.

Planen var eigentleg å klatre opp igjen med guten, men det viste seg å vere vanskelegare enn dei trudde. No forsøkjer dei i staden å fire seg ned, seier han. Den tredje løysinga er altså at redningshelikopteret går inn for å hente ut guten og hunden hans. Guten er ikkje skadd.

Det var søndag kveld politiet melde at ein gut i tenåra hadde gått seg fast i ei fjellskråning i Brøskjakammen i Stangvika i Surnadal. Redningsmannskap frå politi, brannmannskap og Røde Kors er på staden.I tillegg stiller mange naboar og frivillige opp.

Høyrde hunden gøy

Bergsvein Brøske

Tidlegare surnadalsordførar Bergsvein Brøske og sonen høyrde så mykje hundelammer søndag ettermiddag, at dei til slutt reagerte. Det angrar dei ikkje på.

Foto: Trond Vestre / NRK

Tidlegare surnadalsordførar Bergsvein Brøske bur rett under Brøskjakammen, og seier han og sonen reagerte på stadig hundelammer på ettermiddagen.

– Til slutt skjønte vi at det var noko som ikkje stemte, så vi tok sekshjulingen vår og køyrde så langt opp i området som vi kom. Då vi ropte etter folk, fekk vi svar frå guten, seier Brøske.

Då var klokka 17.30, og dei varsla politiet umiddelbart. Brøske trur guten har sitte der sidan 15.30-tida i dag. Han skal vere i god form og godt kledd.

Naboane stiller opp

Redningsaksjon Surnadal

Fleire klatrarar er i sving for å prøve å hjelpe 15-åringen ned frå fjellhylla der han har site i timevis.

Foto: tipsar

Brøske seier klokka 21.40 at situasjonen no verkar å vere under kontroll, og at fjellklatrarar er på veg ned til guten og hunden. Ifølgje Brøske må klatrarane fire seg ned 30-50 meter langs den bratte fjellsida, for å klare å hjelpe guten.

Han seier vidare at fleire naboar er i sving for å hjelpe med det dei kan, og han trur det går bra.

– Men du veit, det er spennande når ein 15-åring sit fast på ei lita fjellhylle. Gode naboar stiller opp for kvarandre, seier han.

For mykje skog for helikopter

Ifølgje Hovudredningssentralen for Sør-Noreg er det så mykje skog i området at det ikkje er aktuelt å ta seg inn med helikopter i området.

Også laurdag måtte Røde Kors rykke ut for å redde to kvinner ned frå eit fjell i Surnadal.

Laster Twitter-innhold

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL