Hopp til innhold

SISTE: Sakna kvinne funnen i god behald

Det er sett i gang ein stor leiteaksjon etter ei 52 år gamal kvinne i Bud i Fræna. Kvinna vart sist sett i eit selskap i natt. Like før klokka 21 melder politiet at kvinna er funnen.

Leiteaksjon på Gule i Bud

Fleire hjelpekorps og redningsmannskap med hundar deltek i søket.

Foto: Rebekka M. Skotheimsvik

Kvinna var på ei tilstelling på grendehuset i Gule og vart sist observert i 2-3-tida natt til søndag. Ho er frå Trondheim, og skulle overnatte hos ei venninne. Det var venninna som melde henne sakna i 13-tida.

Like før klokka 21 opplyste politiet at kvinnan vart funnen i god behald. Det var eit Sea King redningshelikopter med varmesøkjande kamera som fann henne.

Då hadde store styrkar delteke i leiteaksjonen. Politiet, Røde Kors, Norsk Folkehjelp og Norske redningshundar søkte i terrenget. Mellom 50 og 60 personar leitte etter kvinna og også redningsskøyta søkte etter henne.

Leiteaksjon etter sakna kvinne i Bud

Leiteaksjonen held fram med same styrke utover kvelden.

Foto: Rebekka M. Skotheimsvik

Tidlegare på ettermiddagen bad politiet bad innbyggjarane i Bud om å sjekke husa sine.

Politiet veit framleis ikkje kva som har skjedd med kvinna. Ho vart funnen i eit myrterreng ein km i luftline frå Gule grendehus.

Ho skal avhøyrast på politistasjonen i Molde.

– Vi vil høyre kva som har skjedd. Førebels veit vi ingenting, seier operasjonsleiar Siri Engdahl.

Bud