NRK Meny
Normal

Såg tjuven ta opp hammar frå sekken

Hadde det ikkje vore for den ukjende mannen med sekk på ryggen, hadde laurdagsmorgonen vore heilt som vanleg, for Reidun Standal.

Reidun Standal

Reidun Standal seier at i ettertid har ho tenkt ho burde lagt mannen i bakken.

Foto: Magne Krumsvik

Som vanleg var Reidun Standal tidleg oppe for å ta seg ein kaffi og ein røyk i sekstida. Men denne laurdagen starta likevel ikkje slik som han brukar. For då ho kika ut fekk ho auge på ein mann som kom gåande nedover gata i Ørsta sentrum med ein blå sekk på ryggen.

– Plutseleg opna han sekken og drog opp ein hammar. Og eg tenkte: no blir det innbrot...augeblinken etter høyrde eg det singla i glas. Og då ringde eg politiet, fortel ho.

– Var du redd?

– Nei, men hadde ikkje lyst å gå ut og møte han. Men etterpå såg eg for meg at eg burde tatt han og lagt han i bakken, seier ho.

Innbrot også i Volda

Laurdag formiddag melder politiet at det også er gjort innbrot ved ei bedrift i Furene i Volda, ikkje mange kilometer unna. Her skal det ifølgje politiet ha forsvunne to bervare datamaskiner og vekslepengar.

Politiet veit førebels ikkje om det er samanheng mellom sakene.

Fortvilt innehavar

Ei gjengløymt bukse låg igjen utanfor butikken då innehavaren og politiet kom fram til butikken i Ørsta som laurdag morgon. Her har ein tjuv truleg tatt seg inn via ei glasdør, og fått med seg ein sykkel.

– Det er meiningslaust, kva kan ein gjere, seier innehavar Syver Nupen ved sportsbutikken Sport 1 i Ørsta.

Han blei vekt like før klokka seks laurdag morgon. Då hadde Reidun Standal meldt frå til politiet.

– Eg blei vekt med melding om at det var innbrot, så då var det berre å kome seg ut av senga i ei kjappheit, seier han.

– Lutrygga 50-åring

Takka vere fleire naboar, som etterkvart vakna til, har politiet ei klar skildring av mannen, og seier han er i 50-åra, lutrygga og med begynnande måne.

– Det har blitt observert ein mann i 50-åra i mørke kle og med mørkt hår, litt liten, omlag 175 cm, trillande på ein sykkel vekk frå butikken, seier operasjonsleiar Tor Andre Gram Franck.

Politiet på staden

Knust dør etter innbrot

Glasdøra er knust etter innbrotet i Ørsta laurdag morgon.

Foto: Magne Krumsvik

Laurdag morgon var politiet og butikkeigaren på plass for å sikre spor og få oversikt over kva som er stole. Ifølgje Franck har både eigaren, vitne og politiet leitt etter sykkelmannen tidlegare på morgonen, utan å finne han.

Vi har søkt etter han no i natt, vitne som melde det til politiet har også søkt, no gjer vi åstadsgransking, og vil utover dagen prøve å få brakt på det reine kven denne karen er, seier Franck.