Leitar etter kvinne i 20-åra

Politiet, brannvesenet og frivillege hjelpeorganisasjonar leitar etter ei kvinne i 20-åra i Lergrovika i Molde. Kvinna har svart krølla hår, svart tights, svarte sko, grøn t-skjorte og er ca 155 cm høg. Politiet ber om tips dersom nokon har sett kvinna.

Helikopter er sett inn i søket etter ei kvinne i 20-åra i Molde.