NRK Meny
Normal

Trappar opp leiting etter sakna 15-åring

Politiet ber om hjelp til å finne ei 15 år gamal jente som er sakna i Ålesund.

Leiteaksjon Ålesund 221116

Store styrkar leitar no etter ei 15 år gamal jente som har vore sakna sidan måndag kveld.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Klokka 09.00 tysdag startar politiet opp igjen leitinga etter den 15 år gamle jenta som er sakna i Ålesund.

– Vi startar søket i det området der det har kome opplysningar om at ho skal ha vore observert sist, seier operasjonsleiar i politiet til NRK i 08-tida tysdag.

Jenta har vore sakna sidan klokka 20.00 måndag kveld, og store styrkar er no i sving for å leite etter jenta. Ifølgje politiet er det rundt 40 personar frå ulike instansar som deltek i leiteaksjonen.

Har søkt gjennom natta

Leitemannskap har leita etter 15-åringen gjennom heile natta.

Leiteaksjon Ålesund

Leitemannskap leitar etter ei 15 år gamal jente som har vore sakna sidan måndag kveld.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

– Vi har hatt alt tilgjengeleg mannskap frå politiet ute og leita i natt. I tillegg har 25 mann ifrå Røde Kors og ti hundeekvipasjar frå Norske redningshundar deltatt i leitearbeidet. Men vi har så langt ikkje funne ho, sa Per Åge Ferstad, operasjonsleiar for politiet på Sunnmøre til NRK tysdag morgon.

Redningsskøyta Det Norske Veritas II har også deltatt i leitearbeidet.

Sakna sidan måndag

Jenta har vore sakna frå Moa-området sidan 20.00-tida måndag kveld.

Den sakna jenta skal vere 165 cm høg, har mørkt langt hår og er slank. Ifølgje politiet har ho truleg på seg ei sort jakke, ein grå hettegenser og ei dongeribukse.

Leiteaksjon Ålesund

Mannskap frå Røde Kors deltek i leitinga.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Ber om hjelp frå publikum

Politiet ønskjer tips på 02800 frå alle som kan ha observert jenta eller som har tips i saka.

Leiteaksjon Ålesund

Mannskap frå politiet, Røde Kors og Norske redningshundar har i natt søkt etter ei sakna 15 år gammal jente i Ålesund.

Foto: GHmedia

– Vi ber om hjelp frå publikum og ber bebuarane i området Lerstad, Hatlane, Moa, og Åse om å sjekke nærområdet sitt. Vi ønskjer også tips dersom nokon trur dei har opplysningar om denne jenta, seier Per Åge Ferstad, operasjonsleiar for politiet på Sunnmøre.

Politiet held fram med leitearbeidet utover tysdagen.

Det skal så langt ikkje vere noko som tyder på at jenta skal vere utsett for noko kriminelt.