Leitar etter dement mann

Politi og leitemannskap leitar etter ein eldre dement mann i området Svorta i Skodje på Sunnmøre. Mannen har på seg ein blåstripete pysjamas. Dersom nokon har sett mannen blir dei bedne om å ta kontakt med politiet.