NRK Meny

Leirras i naturreservat

Fylkesmannens miljøvernavdeling og Gjemnes kommune arbeider no med handtering av eit større leire- og jordras i Høgsetleira naturreservat på Storlandet førre veke. Raset var 120 meter på det breiaste, og gjekk om lag 160 meter frå tippen og nesten ned til sjøen, opplyser rådgivar Solveig Silset Berg ved miljøvernavdelinga hos fylkesmannen til rbnett.no.