Hopp til innhold

Her er dei vaksne på leirskule

I Øksendal nyt leirdeltakarane rolege dagar ute i naturen og framfor leirbålet. – Det handlar om å lære seg nye ting, vekk frå teknologi og informasjonssamfunnet vi lever i.

Leirskule for vaksne

Søndag starta leiren som, så vidt ein kjenner til, er Noregs einaste leir for vaksne som verken er motivert av ei spesiell interesse, politisk retning eller religion.

Foto: Jannicke Susann Farstad / NRK

Det luktar kokt nektarin, ei symaskin durar i veg,og ute står ein gjeng og byter slange på ein sykkel. I Øksendal på Nordmøre har om lag 40 vaksne samla seg for å delta på Underleir, ein vaksenleir for dei som ynskjer ein alternativ ferie.

Eir Husby

Eir Husby syns det høyrdest artig ut med ein leir for vaksne, og sette i gang.

Foto: privat

– Underleir er ein allsidig leir som sprikar i alle retningar, og som passar for alle, seier ei av dei ansvarlege for leiren, Eir Husby.

Søndag starta leiren som, så vidt ein kjenner til, er Noregs einaste leir for vaksne som verken er motivert av ei spesiell interesse, politisk retning eller religion.

Inspirert av amerikansk podkast

På leiren, som blir arrangert for tredje gong, lærer deltakarane frå seg ulike ting dei kan.

– Korleis fekk de ideen om å starte vaksenleir?

– Eg høyrde ein podkast om nokon som driv vaksenleir i USA, og det høyrdest så triveleg ut, fortel Husby.

Badstue på vaksenleir

Badstue ved elva høyrer med på vaksenleir.

Foto: Inger Johanne Ruset

Ho ymta fram om ideen på nettstaden, Underskog, og etter ein halvtime var det 40 påmelde på ein leir som enda ikkje eksisterte.

– Folk diskuterte engasjert om alt frå om ein kunne ta med hunden sin til om det kom til å vere vegansk mat på leiren, spøkjer Husby.

– Så balla det berre på seg.

– Sylting er trendy

Gunda ausar opp pasjonsfruktgele

Gunda Djupvik heldt kurs i sylting.

Foto: Wilhelm Støylen / NRK

Det er fleire kurs på leiren. Gunda Djupvik kursar deltakarane i sylting av nektarin.

– No kokar vi nektarin med vatn og litt sukker til den er mør og gyllen.

Det er syltekurs på leiren kvart år.

– Det er blitt trendy å drive med sylting.

Djupvik har skreve kokebok om sylting, og held elles kurs på utdrikkingslag og andre tilstellingar.

Kva er det beste tipset ditt?

– Ein treng ikkje å snu kjøkkenet på hovudet å lage store porsjonar. Sylt heller litt om gongen, då er det større sjanse for at ein ikkje slår frå seg prosjektet før ein har starta, rår Djupvik.

Tilbake til naturen

Lars Jacob Furunes lærer vekk sykkelreparasjon

Lars Jacob Furunes lærer dei andre å reparere sykkelen.

Foto: Jannicke Susann Farstad / NRK

Under ei presenning står Lars Jakob Furunes, klar til å lære vekk sykkelreparasjon.

– Kva er det viktigaste ein bør kunne sjølv?

– Det er å kunne fikse ei punktering og å skifte dekk og bremseklossar, svarar han.

Etter dette kurset vil deltakarane forhåpentlegvis sleppe å levere sykkelen til enkel service, i tillegg til at dei skal kunne å skifte til piggdekk sjølv.

Smie kurs på leirskule for vaksne

Dei har mange forskjellige kurs på leirskulen.

Foto: Jannicke Susann Farstad / NRK

Furunes deltek også på andre sine kurs.

– Eg lærer mykje her. Snart skal eg delta på smiekurs, og eg har allereie vore med på laftekurs.

Kvifor deltek ein på vaksenleir?

– Det er kjekt å lære seg nye ting, ute i naturen, vekk frå teknologi og informasjonssamfunnet vi lever i, seier Lars Jakob Furunes.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL