Hopp til innhold

– Den har fredelege hensikter

Dei siste dagane har familien Breivik i Ulvestadbygda både sett og tatt bilde av ein leiken delfin i Dalsfjorden. – Det er truleg same delfin som har vore observert andre stadar, seier far Bjørn Breivik.

Delfin i Dalsfjorden

Bjørn Breivik og familien har fått nærkontakt med ein leiken delfin i Dalsfjorden dei siste dagane.

Foto: Susanne Breivik

Delfin i Dalsfjorden

Delfinen i Dalsfjorden har gjeve publikum eit veldig show dei siste dagane. Hopp og glidningar langs sjøflata skaper god stemning.

Foto: Susanne Breivik

Bjørn Breivik, far til Susanne, Elise og Sofie, fortel at delfinen har vore i Voldsfjorden i Volda kommune og i fjordane rundt i mange dagar.

– Dei siste dagane har den hatt tilhald i Dalsfjorden, til stor glede for store og små som har studert den leikne delfinen frå båt, seier far Breivik til NRK.no.

Tidlegare var delfin i Noreg eit særs uvanleg syn. Tidlegare har derimot Rune Veiseth ved Atlanterhavsparken i Ålesund fortalt at det er fleire delfinar i Noreg enn før.

– Tidlegare gjekk det fleire år mellom kvar gong vi høyrte om delfinar langs kysten.

– No skjer det kvart år, sa Veiseth til NRK tidlegare i august.

Delfin i Dalsfjorden

Alle bilda av delfinen i Dalsfjorden er tekne med mobilkamera.

Foto: Susanne Breivik

Har sumt saman med delfinen

Det har vore observert delfinar mange stadar i Møre og Romsdal dei siste åra. No er det altså i Dalsfjorden folk er heldige nok til å få auge på det leikne vassdyret.

– Nokre her har endåtil vore så modige at dei har bada saman med delfinen – som ser ut til å ha fredelege hensikter, fortel Bjørn Breivik.

Som ein ser på bilda er delfinen i Dalsfjorden glad i å hoppe og lage liv.

– Den likar å hoppe nær båtane slik at passasjerane får seg ein dusj!, seier Breivik.

– Truleg den same

Delfin har vore observert fleire stadar på Søre Sunnmøre. Dermed trur Breivik at det er same delfin – som turnerer på ulike stadar.

– Dette er truleg den same delfinen som har vore observert tidlegare fleire stadar i området.

Han trur det er varmt vêr og godt med mat som trekk delfinen til Sunnmøre.

– Den lev nok gode dagar no som fjordane er fulle av makrell og anna fisk, avsluttar Breivik i Ulvestadbygda på Lauvstad.

Har du sett eller tatt bilde av delfin eller andre uvanlege dyr i sommar? Ta kontakt med NRK Møre og Romsdal på anten mr@nrk.no eller telefon 70 11 52 00.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.