Hopp til innhold

Leik i skulegarden kan motverke mobbing

No er aktivitetsopplegget Leikepatruljen i ferd med å spreie seg frå Ålesund og ut til resten av landet.

No er aktivitetsopplegget Leikepatruljen i ferd med å spreie seg frå Ålesund og ut til resten av landet.

Sjå tv-saka: Dette skal hindre mobbing. Leikepatruljen kan spreie seg frå Ålesund og utover landet. Foto: Alf-Jørgen Tyssing.

Ålesund kommune skal vere prosjektkommune for Leikepatruljen i Norge. Poenget med prosjektet er å få barn til å røre på seg i løpet av skuledagen – og det gjennom leik i skulegarden.

Julia Eiken

Femteklassingen Julia Eiken er glad for å vere med på Leikepatruljen.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

Tiåringen Julia Eiken er ein av leiarane i Leikepatruljen. Meir enn 500 barn får no opplæring i å leike seg i skulegarden. Leikepatruljen er eitt av fleire slike program som er sett i gang på norske skular.

– Eg trur at det er bra at vi har Leikepatruljen. Vi får eit betre miljø og mindre krangling, seier Eiken.

Kursar dei yngre

Stig Johansen

Stig Johansen er prosjektleiar for Leikepatruljen.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

Dei eldre elevane blir kursa gjennom ein dag på Aksla stadion til å kunne føre eigne Leikepatruljer. Tilbake på skulane blir det leiarane si oppgåve å setje i gang for de yngre elevane. Dei skal skape meir liv i skulegarden – både fysisk og sosialt.

Prosjektleiar i Leikepatruljen, Stig Johansen, vil at ideen skal spreie seg til resten av landet.

– Ideen er at ein skal skape aktivitet, og få med elevar som ofte går åleine, og også minske krangling og erting i friminutta, seier han.

Alle med i leiken

Joakim Aarseth

Joakim Aarseth trur at Leikepatruljen vil føre til mindre mobbing i skulegarden.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

Landslaget Fysisk Fostring i Skolen (LFF) og Dansk Skoleidræt har inngått eit samarbeid om at skulane i Norge kan nytte danskane sitt konsept vederlagsfritt.

Femteklassingen Joakim Aarseth trur også at Leikepatruljen vil bidra til mindre mobbing.

– Eg trur at det gjer at alle får bli med i leiken.