Hopp til innhold

Får heile verda på besøk

I fjor lånte ho ut sofaen. I år går Hilde Mari Linaker eit steg lenger og leier ut husrom i ferien.

Linakeer rer klar senga

Hilde Mari Linaker ordnar med senga på rommet ho skal leige ut i sommar. I to månader blir det høg trafikk inn og ut her.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Gjennom nettstaden «airbnb» leiger ho i sommar ut eit av romma som høyrer til huset hennar i Ålesund. Moderne er det ikkje, her er typisk, uoppussa 70-talsstil, men gjestane straumar likevel på.

Då NRK var innom på besøk, hadde ho besøk av to systre frå San Francisco.

– Dei har dette rommet, og so er dei fri til å bruke stua, kjøkkenet og badet som dei vil. Og verandaen, den er viktig, seier ho.

Les og:

Eit steg lenger

Linaker er ikkje uvant med å ha framande på besøk. I fjor gav ho turistar fri tilgang på sofaen sin gjennom sokalla «couchsurfing».

Det går i hovudsak ut på at folk som er på gjennomreise kan sove på sofaen hennar utan å betale for det. I alle fall ikkje med pengar.

– Når ein sofasurfar gjev ein litt og tek litt. Ein låner sofaen, men lagar til gjengjeld gjerne mat frå heimlandet og deler historier og erfaringar.

Linaker føler ho er blitt godt kjend med fleire av dei ho har hatt på besøk.

Blid utleigar

– Eg føler at har blitt vennar med fleire av deg som var innom på couchsurfing i fjor, seier Hilde Mari Linaker.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Les og:

Sett pris på det sosiale

Det kan sjå ut som å vere «sofautleigar» gav meirsmak, for no har altså huseigaren bestemt seg for å ta det litt lenger og heller leige ut eit rom. Både fordi ho set stor pris på det sosiale, og for å tene litt pengar.

– Her er god plass, so kvifor ikkje, tenkte eg.

Veranda_finest

Veranda er viktig å ha, synest Linaker. Den skal gjestane og få bruke.

Foto: Malin Kellstadli Korsnes / NRK

Sjekk kven som kjem

Sjølv om det er spanande med nye, ukjende menneske, er det er viktig å ikkje gløyme sikkerheita når du leiger ut. Martin Skaug Halsos i Forbrukarrådet seier det er viktig å ta ein førehandssjekk på kven det er du tenkjer å sleppe inn i huset ditt.

– Ein kan be om referansar, spørje om dei har leid hos nokon før og ta kontakt med utleigar. Å skrive kontrakt er og lurt – feriebustadar og liknande er ikkje omfatta av Huseigarloven, so det er du i din fulle rett til.

Fullbooka

Linaker sjølv meiner det berre er ein måte å finne ut sikkert om å leige ut bustaden til sommaren er noko for deg.

– Det er berre å prøve. Men vær litt skeptisk når du vel ut kven du vil ha innom. Eg har sjølv sagt nei til eit par stykk.

Dei neste to månadene blir hektiske for huseigaren frå Ålesund. Heile 28 gjestar har ho på lista framover.

– Men eg har grei vaskemaskin. Det er berre å sette på med ein gong etter kvar gjest, so går det vel bra.