Hopp til innhold

Lei av chips og pølser på barnemenyane

June Marita Overå (34) er lei av innhaldet på barnemenyane på restaurantar. Ho synest det er for mykje chips og pølser, hamburger og kylling, og ber om fisk og grønsaker.

Familie et middag i Herøy

Olav-Elias Voldnes (9) serverer familien torsk til middag. Det likar også lillesystra Alma-Linea Voldnes og Benjamin Elias Arnesen Myrvåg.

Foto: Arne Flatin

Tobarnsmora frå Herøy skreiv nyleg eit blogginnlegg der ho sa klart og tydeleg frå om kva ho synest om barnemenyane på mange serveringsstader.

June Marita Overå

June Marita Overå (34) har fått stor respons etter at ho etterlyste betre mat for ungane når dei går på restaurant.

Foto: Arne Flatin / NRK

Ho meiner mange restauranteigarar er lite kreative, og tilbyr ungane hamburgarar og pannekaker, medan dei vaksne kan meske seg med ordentleg kjøt, fisk og grønsaker.

Det er veldig snevert, veldig likt, det er pølse og chips, hamburger og chips og gjerne masse frityr. Det blir kjedeleg, for ungane her vil gjerne prøve andre ting også, seier ho.

Ungane samde med mamma

Ho får støtte frå niåringen heime, som heller ikkje er spesielt glad i restaurantmaten han kan velje i. I sommar var familien på ferie tre veker i campingvogn, og då blei ungane fort lei.

Olav-Elias Voldnes

Olav-Elias Voldnes (9) vil helst ha kjøt, fisk og grønsaker til middag, og er samd med mora i at restaurantmaten er kjedeleg og einsformig.

Foto: Arne Flatin / NRK

– Eg syns det er veldig mykje hamburger, chips og pølser på barnemenyane, stadfestar Olav-Elias Voldnes (9) medan han sjekkar at potetene til dagens middag heime i Tjøvåg er ferdigkokte.

Foreslår å halvere porsjonane

Tobarnsmora foreslår at restaurantane serverer halve porsjonar av ordinær vaksenmat, i staden for å lage eigne barnemenyar :

«Løsningen for meg er ganske innlysende og ikke spesielt komplisert heller – om der er vilje til det. Hva med å tilby halve porsjoner av det som er på menyen f.eks til en lavere pris? Eventuelt ta et lite utvalg av menyen som en kan lage i mindre porsjoner?

Slipp kreativiteten løs liksom! Vær frempå! La ungene få sjangsen til å prøve nye, spennende matretter som IKKE inneholder pommes frites liksom!»

Stor respons frå andre foreldre

Blogg June Marita Overå

Blogginnlegget frå June Marita Overå

Heime hos familien i Tjørvåg har ungane bestemt middagen denne kvardagen, og då blei det torsk, poteter og grønsaker. Barna er samstemte i at dette er skikkeleg god middagsmat.

Etter at June Marita skreiv blogginnlegget sitt har ho fått mykje respons frå andre som er i same situasjon med små barn.

– 99,9 prosent av reaksjonane har vore positive, slår ho fast.

Ho likar ikkje det dei fleste serveringsstadene tilbyr i barnemenyane sine.

June Marita Overå er lei av innhaldet på barnemenyane. Foto/redigering: Arne Flatin