Sjekk antrekket til årets Innotown-vertar

I morgon er det klart for designfestivalen Innotown i Ålesund. Her er det store namn som Lego, Kodak og Pixar som skal halde foredrag. Dei vert tekne hand om av svært spesielt kledde vertar.

I morgon er det klart for designfestivalen Innotown i Ålesund.

Designfestivalen Innotown har sett farge på byen sidan 2000, og nyskaping er eit viktig stikkord. Foredragshaldarane er toppleiarar og oppfinnarar frå heile verda og målet er at ideane skal kunne inspirere deltakarane i deira eigne jobbar.

LES OGSÅ:

Men det er ikkje berre dei store namna som er med på å sette farge på festivalen. Det gjer også vertane som tek imot gjestane. Kvart år har dei ulike kostyme og frisyrer som vert lagt merke til. For tiande gong er det Solveig Fagermo som designer antrekka. Årets tema er «gartnaren og det som veks og gror.

– Vertane skal stelle og prate med gjestane slik at dei trivst. Å trivast er å vekse og gro, seier Fagermo.

Ho er åleine om å lage alle dei 20 antrekka til både kvinnelege og mannlege vertar og kreativiteten har ingen grenser. Folk frå 20 nasjonar deltek, og kunstnaren er oppteken av å vise noko som er norsk og lokalt.

Ho brukar duftande blomster på kjeledressar frå Felleskjøpet. Og vert ho ikkje ferdig med antrekka i kveld, tar ho natta til hjelp.