Legionella på Kristiansund sjukehus

Helse Møre og Romsdal har funne bakterien legionella i vassprøver hjå Kristiansund sjukehus. Dei innfører no ekstratiltak ved heile sjukehuset. Tiltaka inneber mellom anna at ingen skal drikke- eller pusse tenner i vatn som kjem frå springen, og ingen skal dusje ved sjukehuset. Det skriv helseføretaket i ei pressemelding.