Hopp til innhold

Legionella oppdaga på Molde sjukehus 

Etter ein rutinekontroll har det blitt oppdaga legionella i vassprøvar ved fleire avdelingar på Molde sjukehus. Strakstiltak har blitt sett i verk for å fjerne bakterien og sjukehuset har kontroll på situasjonen.

Molde sjukehus

Det er oppdaga legionella i vassprøvar ved fleire avdelingar.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

– Legionella har blitt påvist på fleire avdelingar men vi har sett i verk tiltak for å forhindre at pasientar og besøkande blir utsett for bakterien, seier Ola Hermund Grønset, seksjonsleiar for eigedomsdrift i klinikk for drift og eigedom i ei pressemelding.

Han seier dei no monterer filter på kraner og dusjar, og set fram drikkevatn i flasker.

I tillegg har vi bestilt eit klordioksid-anlegg for permanent desinfeksjon av vatnet.

Personell frå Kristiansund sjukehus er i beredskap for å assistere med arbeidet på bakgrunn av erfaringane frå liknande utbrot i Kristiansund.

Legionella sidan mai

Legionellasmitten har skapt problem på sjukehuset i Kristiansund i over ti månader.

Etter at smitten blei oppdaga i mai, har drikkevatn blitt kjøpt inn på flasker, medan dusjar og servantar har fått ekstra filtrering.

Eit nytt system kjem snart på plass og skal reinse røyra for smitte.

– Det var eit ukjent problem for oss, så vi måtte sjå på ulike alternativ for å bli kvitt det, seier Grønset til NRK.

Det var mellom anna leveringstida og anbodsrunde på anlegget som har gjort at det har tatt så lang tid, forklarar han.

Grønset seier at det vil ta kortare tid for Molde sjukehus, fordi dei skaffar det same anlegget som dei bestilte inn til Kristiansund sjukehus.

Sannsynlegvis vil det vere leveringstid på seks til åtte veker av sjølve anlegget, og så vil det vere inntil seks månader med behandling der vi set i verk jamlege testar, for å sjå når legionellabakterien er forsvunnen, fortel Grønset.

Tiltak ved sjukehuset

Det er fleire tiltak som gjeld ved Molde sjukehus no:

Ingen skal drikke vatn som kjem frå springen dersom det ikkje er montert legionellafilter, og heller ingen tannpuss eller dusj.

Toalett og handvask kan brukast som normalt. Reingjering av rom med springvatn er ufarleg og vassautomatar har filter og kan brukast

Georg Johnsen, klinikksjef for klinikk sjukehuset Nordmøre og Romsdal, fortel drifta på sjukehuset går som normalt med sette i verk tiltak.

– Det er svært liten risiko for smitte til pasientar og tilsette, seier smittevernoverlege Jørn-Åge Longva.

Risikoen for smitte er svært låg då det ikkje er den vanlegaste sjukdomsframkallande arten som er påvist.

Les også Like mange legionellasyke under pandemien – hjemmedusjen kan ha skylda

Sreerekha S. Ramanand, forsker ved NORCE, tar vannprøver i dusjene i Tastahallen i Stavanger.