NRK Meny
Normal

Legge bort den vonde historia frå barndomen

Bruk av tvangstrøye og tvangsfôring av sjuke barn var overgrep, erkjenner fylkespolitikarane. Endeleg trur dei på overgrepshistoriene til barn på tuberkulose-sjukehus. I godt vaksen alder får sanatoriebarna eiga oppreisningsordning.

Synnøve Holte

Det lysnar for både Synnøve Holte og andre som i barndomen opplevde overgrep frå helsepersonell då dei blei behandla for tuberkulose. No får dei oppreising.

Foto: Privat

Det er ei jublande glad Synnøve Holte frå Volda som etter fire års kamp, kan senke skuldrane.

– Det er nesten ikkje til å tru at vi endeleg har nådd målet. No kan eg legge bak meg den vonde tida, seier ho.

For fire år sidan engasjerte ho advokat for å nå fram med kravet om ei oppreisningsordning for sanatoriebarn med mørke opplevingar frå tida på sanatorium.

Tvang og omsorgssvikt

Hennar eiga historie skriv seg frå Reknes Sanatorium i Molde på byrjinga av 1960-talet, då ho var sju år. Både ho og søstera, som berre var fire år, var innlagde der i månadsvis.

Video Fleire søkjer oppreisning etter barnesanatorium

Barnesengene stod tett i tett på sanatoriet.

Foto: Nyhetsspiller

Barn heilt ned i eitt-års alderen var der utan at foreldra fekk lov å vere der saman med dei. Somme var utan foreldrebesøk i vekevis.

– Nokre opplevde å bli lagt i tvangstrøye. Vi blei tvangsfôra, lugga, sendt opp på det nifse mørkeloftet og utsette for både psykisk og fysisk vald, seier Holte med eit sårt sukk.

Visst var barneoppdraginga annleis den gong, men dette var jo overgrep og omsorgssvikt frå offentleg helsetilsette, meiner ho.

- Godt å bli trudd

Kravet om oppreising gjorde henne til talsperson for mange andre som i barndomen fekk behandling for den frykta sjukdomen .

Gong på gong har saka vorte fremja for fylkespolitikarane, og gong på gong har dei vist ei kald skulder til oppreisningskravet.

Skap reknes

Tuberkulosesjuke barn skal ha blitt sendt på mørkeloftet på sanatoriet og sat i mørkret for at dei skulle bli lydige.

Foto: Ole Andre Rekkedal / NRK

Men endeleg forstod fylkespolitikarane at historier om kva små barn med tuberkulose opplevde frå det offentlege sjukehusvesenet, var sanne.

– Det er godt at dei endeleg trur på at vi snakkar sant, seier Synnøve.

Vedtaket om ei eiga oppreisningsordning, blei samrøystes vedteke av Fylkestinget denne veka.

Les også: Den stengte barndom

Tok 250.000 liv

Tuberkulose var frå dei eldste tider den største folkesjukdomen i Noreg. Han blei kalla "Den kvite pest" fordi han tok så mange liv. Sjukdommen gjekk også under namnet "tæring" og skåna ingen alder eller samfunnslag.

Brev fra Synnøve Holte

'Kan de ikkje vere so snill og kome og besøke oss i morgon', skreiv sju år gamle Synnøve full av heimlengt til foreldra.

Foto: Remi Sagen / NRK

Sjukdomen utrydda heile familiar der han råka som hardast. I Møre og Romsdal herja han også sterkt.

I løpet av 60 år, frå 1895 til 1955, døydde 250.000 nordmenn av sjukdomen. I dag er dette eit ufatteleg tal, men skuldast mellom anna at antibiotika ikkje kom i vanleg bruk før etter 2. verdskrig.

– Det var fælt å bli erklært sjuk, for dette var ein sjukdom alle frykta, minnest Synnøve.

Tuberkulosebarn ved Reknes sanatorium

Lufting i det fri var ein viktig del av behandlinga av tuberkulosebarn ved Reknes sanatorium.

Foto: Romsdalsmuseet

Medan ho var på sanatoriet i eit halvt år, måtte veslesøstera vere der i åtte månader.

Tuberkulose-tabu

Ingen veit enno kor mange sanatoriebarn som kjem inn under oppreisingsordninga, eller kor mange vil søkje oppreising.

– Tuberkulose er framleis eit tabu. Svært mange vegrar seg for å snakke om det, langt mindre stå fram. Men eg veit at mange har følgt saka, og eg håpar dei får nytte av kampen eg har kjempa, seier Synnøve Holte.

Video Synnøve Holte om Reknes sanatorium

Vel 50 år etter opplevingane ved Reknes Sanatorium, får ho gehør for at omsorgssvikt gjekk føre seg der.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

Ho gir ros til fylkespolitikarane for at dei no tek moralsk ansvar, og erkjenner at det som ikkje skulle ha skjedd, verkeleg skjedde i ein periode på Reknes- sanatoriet.

– Å bli trudd og tatt på alvor er nesten det aller viktigaste, legg ho til.

Politikarane letta

Mellom fylkespolitikarane som har engasjert seg sterkt for sanatoriebarna, er Frank Sve ( Frp) og fylkesvaraordførar Gunn Berit Gjerde ( V).

– På Reknes var forholda til tider ikkje slik dei skulle vere. Vaksne tilsett i det offentlege gjorde overgrep mot barn, og ordninga viser at vi trur på det vi får fortalt, seier Gunn Berit Gjerde.

Reknes sanatorium

Reknes sanatorium i Molde tok imot tuberkulosesjuke barn frå heile fylket. Også barn frå andre stader i landet kunne få behandling der.

Foto: Hans Thomas Eikrem / NRK

Frå før finst det oppreisningsordningar i Møre og Romsdal for barneheims- og forsterheimsbarn og for barn som var på spesialskular.

Gjerde meiner det er viktig at alle som har fått skada barndom ved at det offentlege sende born bort frå foreldra, blir inkludert i slike ordningar.

Frank Sve er også letta.

Gunn Berit Gjerde og Frank Sve

Gunn Berit Gjerde og Frank Sve tok felles grep under Fylkestinget og fekk alle politikarane med på oppreisningsordninga.

Foto: Trond Vestre / NRK

– Eg er veldig glad for at vi endeleg fekk eit samrøystes fylkesting med på at også denne gruppa skal få oppreisningsordning. Det var eit rett vedtak og set endeleg strek for ei langvarig sak, seier Sve.

No skal ei eige nemnd lage retningsliner og reglar for den fylkeskommune ordninga som skal gi sanatoriebarna den oppreisinga Synnøve Holte lenge har kjempa for.

Les også: Vil la også sanatoriebarn søkje oppreising

Les også: – Mange blei merka for livet