NRK Meny
Normal

Legg vekt på litteratur

Dei nynorske festspela presenterte i dag heile programmet for festspela som vert arrangert 25.-28.juni. Programansvarleg Åshild Widerøe seier dei legg vekt på litteraturen denne gongen, der temaet er tillit.

Programmsleppet til festspela

Frå dagens programslepp i Aasen-tunet i Ørsta.

Foto: Arne Flatin / NRK

Festspeldiktar Gunnhild Øyehaug frå Ørsta las under programsleppet i dag, der programansvarleg Åshild Widerøe kunne presentere eit program der Øyehaug får selskap av blant andre Olaug Nilssen, Anne Marit Jacobsen, Majorstuen og Jostein Fet.

Gunnhild Øyehaug las frå boka si Undis Brekke

Gunnhild Øyehaug las frå boka si Undis Brekke.

Foto: Arne Flatin / NRK

Dei nynorske festspela vert i år avvikla i perioden 25.–28. juni.

I år er det satsa ekstra på litteraturdelen av festivalen, men også musikk og tekstilkunst vert viktige ingrediensar.

Festspeltema i år er tillit og festivalen vil fokusere på dette gejnnom samtidslitteratur og festspelutstillinga til Astrid Runde Saxegaard.

Intervju med Åshild Widerøe

Åshild Widerøe, programansvarleg for festspela fortel om årets arrangement. Foto/redigering: ARNE FLATIN

Hovudarena i Aasen-tunet

Som før er Ivar Aasen-tunet hovudarena for det som skjer, men det vert også arrangement både i Ørsta og Volda sentrum.

I uteamfiet i Aasen-tunet vert det arrangement alle dagane. Kirsten Bråten Berg og Arild Andersen underheld på torsdagen saman med Lars Bremnes.

Intervju med Gunnhild Øyehaug

Festspeldiktar Gunnhild Øyehaug har forventningar til årets festspel. Foto/redigering: ARNE FLATIN

Fredag kveld vert mange forfattarar med på eit stort litteraturarrangement, og laurdag er det konsert med rockegruppa D.D.E.

Til saman vert det 40 arrangement på desse fire dagane.