Legg vekk sak mot sjukepleiar
Politiet har lagt vekk saka mot ein sjukepleiar i ein sunnmørskommune som er mistenkt for å ha snoka i 250 pasientjournalar. Politiinspektør Unni Moen Vikebakk seier at dei ikkje har klart å bevise at sjukepleiaren har gjort noko straffbart, og at saka difor er lagt vekk. Fylkeslegen granskar også saka, og har oppretta eiga tilsynssak mot den aktuelle kommunen.