NRK Meny

Legg vekk Herøybrannen

Politiet legg vekk saka om brannen som kosta fire menneskeliv i Herøy i 2008. Pårørande klaga på at saka blei lagt vekk i 2009. Dei meinte den var mangelfull, og hevda at brannen kunne vore påsett, skriv Sunnmørsposten. Polititet opna for ny etterforsking i 2013. Statsadvokaten har hatt saka til ny vurdering, men konkluderer med at det ikkje har kome nye opplysningar i saka.