Framleis uvisst om regatta i 2015

Formannskapet i Ålesund kommunen sa nei til å vere vertskap for Tall Ships' Races i 2015. Men, etter at ordføraren fekk ein telefon frå Tall Ships'-arrangørane fekk han bystyret til å seie vent.

Cuytty Sark Tall Ships Races i Ålesund 2001.

SIST GONG: Slik såg det ut då Cutty Sark Tall Ships Races blei arrangert i Ålesund i 2001.

Foto: NRK
Geir Stenseth

SA NEI: Varaordførar Geir Stenseth sa nei til å vere vertskap for Tall Ships' Races.

Foto: Trond Vestre / NRK
Cuytty Sark Tall Ships Races i Ålesund 2001.

Cytty Sark Tall Ships Races i Ålesund 2001.

Foto: NRK
Cuytty Sark Tall Ships Races i Ålesund 2001.

Cutty Sark Tall Ships Races i Ålesund 2001.

Foto: NRK

Ordføraren fekk bystyret med på å utsette avgjerda om Ålesund skal ta imot Tall Ships' Races i 2015.

Vil ha Ålesund med

Etter at formannskapet først sa nei til å vere vertskap for den årlege regattaen, vart saka teke opp i bystyret til endeleg avgjerd. Det vart det ikkje noko av.

For etter at ordførar Bjørn Tømmerdal (H) hadde snakka med arrangørane av Tall Ships fekk han bystyret med på å senke skuldra og utsetje vedtaket.

Frå talarstolen i bystyresalen sa Tømmerdal at etter at vedtaket i formannskapet vart kjent hadde arrangørane gitt Ålesund eit halvt år utsetjing.

Dei gav uttrykk for at dei gjerne vil ha med Ålesund som vertsskap.

Dermed har kommunen seks månader på å finne ut korleis dei skal løyse det økonomiske floken som per no hindrar dei å ta imot kappseglarane.

Det vil koste Ålesund kommune minst 12 millionar kroner, ifølgje rådmannen sine utrekningar.

Før bystyremøtet

Med åtte mot fem røyster sa formannskapet nei til å arrangere Tall Ships' Races i 2015.

Det vart klart under eit ekstraordinært formannskapsmøte i forkant av bystyremøtet torsdag ettermiddag.

Ordførar Bjørn Tømmerdal kom med eit modifisert forslag ved staren av møtet, men forslaget fekk ikkje fleirtal.

I juli 2001 var Ålesund vertskap for kappsiglinga, som då heitte Cutty Sark Tall Ships Races. Kommunen vedtok for nokre få månader sidan å søke om å bli vertshamn. Omsynet til økonomien gjorde at varaordførar Geir Stenseth frå Frp sa nei.

– Det ser ikkje ut som om me har økonomisk rygg til å bere det store arrangement slik som den økonomiske situasjonen er no, og slik han ser ut til bli kommande år, sa Stenseth til NRK før bystyremøtet torsdag kveld.

– Er det tungt å svelgje?

– Ikkje tungt, men det er eigentleg ... det er ikkje bra å sende ein søknad i september og så takke nei i november når ein får det ein søkjer om. Men, det er ein del føresetnader som ikkje har halde seg oppe.

– Er det ikkje høve til å skaffa seg meir inntekter frå næringslivet for å finansiera dette?

– Joda, men då måtte den jobben starta før. Kommunen står ansvarleg til slutt og ender opp med den endeleg rekninga. Og me har ingen tilsegn i kroner og øre til no, me tek ikkje sjansen, seier Stenseth.

Video Tall Ships-motstand

VIDEO: Det har vore stort engasjement i Ålesund i spørsmålet om kommunen skal vere vertshamn for Tall Ships Races i 2015. Og fleire har tatt til orde for at kommunen ikkje har råd til å bruke mange millionar på ein fest når det samtidig er foreslått å kutte på viktige velferdsområde.

Siste video/lyd

Avisene bur seg på nok ei helg der folk ikkje får avisa si.
Tidens Krav i Kristiansund set inn ekstratiltak for å kunne å nå ut til alle med laurdagsavisa.
Arbeidsledigheten blant ingeniørene mer en doblet i Møre og Romsdal på ett år.
Skoleelever slår til med annerledes julekalender. Det handler ikke om å få, men å gi til de som trenger det.