Hopp til innhold

Legg ned i Fosnavåg

Offshoreselskapet Solstad Offshore legg ned kontoret i Fosnavåg, og samlar dei to avdelingane dei har på Sunnmøre i Ålesund. Administrerande direktør i Solstad, Lars Peder Solstad, seier til nett.no at dei tilsette i Fosnavåg har fått tilbod om jobb i Ålesund. Totalt er det 25 ansatte ved dei to avdelingane.

Lars Peder Solstad, konserndirektør Solstad Farstad
Foto: Frode Berg / NRK