Hopp til innhold

Legg ned flyrute

Krohn Air i Molde kuttar ut flyruta mellom Molde, Bergen og Stavanger.

Krohn Air fly på Årø
Foto: Roar Strøm / NRK

Selskapet opplyser dette i ei knapp melding på sine eigne nettsider, skriv rbnett. Ruta opphøyrer frå neste fredag, 19. november.

Britt Flo

Britt Flo i Molde lufthavnutvikling.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Ruta var eit risikoprosjekt i utgangspunktet, og selskapet har ikkje makta konkurransen med Widerøe, seier leiar i Molde lufthavnutvikling, Britt Flo.

–Etterspurnaden har ikkje vore tilstrekkeleg, så her var det ikkje økonomisk grunnlag for å drive vidare, seier Ho.

Det vesle flyselskapet Krohn Air satsa friskt då dei først starta flyrute mellom Molde og Trondheim i februar i år med eit 32-seters fly. Så følgde gründeren Claus Krohn opp med å kjøpe eit fly nummer to, ei. tomotors turbopropmaskin med 19 seter, som selskapet sette inn i rute til Bergen frå august og Stavanger i september.

Men Wiederøe, med SAS i ryggen, har også ambisjonar om å satse på vestlandsruta . Dei har gitt Krohn Air beintøff konkurranse, slik at Molde-selskapet berre etter nokre veker no må gje seg og legge ned ruta frå neste fredag.

Klaus Krohn og flyskapet hans, Krohn Air, har ikkje dei økonomiske musklane til å gjere satsingar som større selskap har.

Claus Krohn

Claus Krohn må gje opp vestlandsruta.

Foto: Roar Strøm / NRK

–Men når vi ser kor godt Krohn har lukkast med å gå inn i nisja som var mellom Molde og Trondheim, er eg overtydd om at små selskap vil kunne klare å satse på nisjene, seier Britt Flo.

Eigaren av Krohn Air, Claus Krohn, sit sjølv på fly no i føremiddag og er ikkje tilgjengeleg for kommentar.

Krohn Air har også ei flyrute mellom Molde og Trondheim.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL