Hopp til innhold

Legg ned bustadprosjekt for rusavhengige

Kristiansund kommune ville hjelpe folk som kjem frå rusavvenning eller frå fengsel til å finne ein eigen stad å bu. No blir prosjekt lagt ned, fordi kommunen ikkje har greidd å skaffe eigna bustader.

Rådhuset i Kristiansund

Kristiansund kommune må skrinlegge prosjektet som skulle hjelpe folk i ein vanskeleg situasjon.

Foto: Aina Rødal / NRK

Prosjektet« Trygg veksling » skulle vere ei overgangsordning til hjelp for menneske som kom ut frå rusavvenning eller fengsel. No blir det ikkje noko av, seier prosjektleiar Svein Arve Sivertsen i Kristiansund kommune.

Svein Arve Sivertsen

Svein Arve Sivertsen er prosjektleiar i Kristiansund kommune.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

– Planen var å ha eit apparat for å ta i mot menneske som treng tryggleik når dei blir utskrivne frå institusjonar, slik at dei hadde ein stad å bu der vi kunne gi veldig tett oppfølging, seier Sivertsen ti NRK.

Kommunen har prøvd å lege eller kjøpe bustader, men det har vist seg svært vanskeleg å skaffe bustader til denne gruppa.

– Vi møter veldig mykje motstand når vi prøver å legge til rette slike bustader. Konsekvensen er at vi ikkje har tilstrekkelege bustad som vi er pålagt å ha, seier Sivertsen.

– Får høyre at folk søv ute

Elisabeth Iversen er leiar for psykiske helsetiltak. Ho seier alle innbyggjarar skal ha tilbod om ein stad å bu.

– Vi har fått rapportar om at folk faktisk har sove ute fordi dei ikkje har tak over hovudet. Og det tenkjer eg ikkje er verdig for noko menneske.

Sivertsen er samd i at situasjonen er uhaldbar. Han seier konsekvensane for den enkelte blir store.

Når dei ikkje har ein fast stad å bu blir det sjølvsagt vanskelegare å følge opp desse menneska og gi dei den hjelpa dei treng, seier Sivertsen.