Hopp til innhold

Legg ikkje ned skulane i dag

Kommunestyret i Vestnes har bestemt at dei ikkje legg ned skulane i Tresfjorden eller Fiksdal i denne omgang. – Vi vedtok i dag at vi skal bygge ny ungdomsskule på Helland, og renovere barneskulen der. Og mens vi bygg ny skule, skal ein bruke ungdomsskulen Tresfjorden, seier ordførar Geir Inge Lien. Barneskulen i Tresfjorden blir flytta til Helland frå hausten av, men det er ikkje eit endeleg vedtak.