Peggy Nilsen står på ferja frå heimøya Orten til butikkjobben på Sandøya.
– Forslaget kom som ei bombe. Som ein knyttneve i magen, seier ho.
FRYKT: Peggy Nilsen blei brått redd for framtida.
Foto: Ann Eli Nøsen / NRKForslaget var å fjerne fem daglege bilferjer og erstatte det med skyssbåt tre gonger i veka. I dag blei forslaget forkasta, men det har opna gamle sår.
– Det hadde blitt både eit yrkesforbod og leveforbod. Du kan tenke deg sjølv, å bu i ei leilegheit der døra er låst fire dagar i veka, seier Nilsen.
Men var dette eit nytt signal om avfolking av havgapet?
– Beklager frykta
– Dette har skapt ein kraftig uro. Eit så ekstremt forslag skaper usikkerheit og kan på sikt faktisk undergrave desse småsamfunna, seier Molde-ordførar Torgeir Dahl.
Han er glad for at samferdselsutvalet i Møre og Romsdal enda med eit breitt politisk forlik mot kuttforslaga. Sjølv om fylkeskommunen bruker 200 millionar kroner meir i året enn det staten gir av pengar til ferjedrift.
FLAGGDAG: Fleire frå småøyene hadde møtt opp på fylkesmøtet, og vifta med flagg etter vedtaket.
Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRKFylkespolitikar Kristin Sørheim (Sp) var også nøgd etter vedtaket.
– Var dette berre eit politisk spel for å få meir kroner frå finansminister Vedum?
– Nei, det har ikkje noko med det å gjere.
LEIAR: Kristin Sørheim (SP) på møtet i samferdselsutvalet som ho er leiar for.
Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK– Kva tankar har du rundt all frykta dette har skapt for dei som bur på øyane?
– Eg beklagar kjøle det. Men eg meiner øyfolket nå kan vere veldig trygge. I dag såg me at ingen parti er ute etter å avfolke lokalsamfunna på øyane ved å legge ned ferjene deira.
– Traumatiske overgrep
– Eg ser heilt klart parallellar til da fiskeværa langs kysten blei statleg avfolka rundt 1970, seier konservator Terje Thingvold.
Han har skrive doktoravhandling om da 270 menneske måtte flytte frå Bjørnsund i Romsdal.
TRAUMATISK: Terje Thingvold har intervjua mange av dei 270 folka som flytta frå fiskeværet Bjørnsund.
Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK– Ein stad der det hadde budd folk i 700 år blei brått nedlagt. Det var traumatisk og føltes for mange som eit overgrep frå myndigheitene.
Liknande avfolkingar skjedde til dømes i Nyksund i Vesterålen og Hamningberg i Finnmark.
– Dette liknar. Busettinga der er dømt til å døy om dei ikkje har transport. Dei døyr om storsamfunnet ikkje vil ha slike stader, seier Thingvold.
BLÅTYSDAG: Stemninga var ikkje som den pleier på strikkekafeen på Ona, etter beskjeden om at øya kanskje mista ferja.
Foto: Ann Eli Nøsen / NRKVegstrekkje på 1,5 kilometer
Peggy Nilsen fortel at dei forsøkte å avfolke øya hennar for femti år sidan. Da klora bestefaren hennar seg fast der og det blei igjen nokre få familiar på Orten.
– No følte me at samfunnet var på vår side. Men så plutseleg snur dei og seier at dei kanskje ikkje har råd til oss, seier Nilsen.
Ho peiker på at sentralisering ikkje alltid er eit gode. At ein ikkje kan produsere mat og byggje båtar i bysentrum.
På Orten har dei to gardsbruk, sveiseverkstad, snikkar – og eit vegstrekkje på 1,5 kilometer.
– Men treng de bilferje? Kan ikkje varer fraktast med hurtigbåt?
– Det skal vere ein rimeleg diger båt som skal få med seg ein lastebil med materiale. Folk skal jo leve, bygge og pusse opp husa sine, og jobbe her. Samfunnet i dag er tilrettelagt for bil.
PLANKEKØYRING: Det er kjekt med bilferje når du skal frakte plank til Ona.
Foto: Ann Eli Nøsen / NRK– Signala er øydeleggjande
Også gardbrukar Arve Linningsvoll seier seg avhengig av ferja. Han fraktar blant anna grass til kyrne sine frå naboøyer.
GRASS: For å drive med kyr her trengst det grass frå øyer som Gossen.
Foto: Arve LinningsvollHan ville lagt ned drifta om vedtaket hadde gått gjennom.
Matros Terje Pedersen meiner det aller verste er signala som blir sendt til distrikta.
RASANDE: Terje Pedersen var i harnisk over forslaget frå fylkeskommunen.
Foto: Ann Eli Nøsen / NRK– Tenk på dei som skal starte opp noko og folket som bur her. Desse signala er heilt øydeleggjande.
Saka skal endeleg opp i Fylkesutvalget og Fylkestinget i juni, men med brei politisk einigheit er det inga grunn til å tru at resultatet skal bli noko anna enn framleis ferjedrift.