Hopp til innhold

Legen sa friskt foster var dødt – bad mora ta abort same kveld

Legen hevda fosteret var livlaust og sende den gråtande mora heim med abortpiller. Men ho nekta å tru at legen hadde rett. Det berga livet til vesleguten.

Den nyfødde babyen grip rundt ein finger

Den vesle babyguten var etterlengta då han kom til verda i fjor haust. Foreldra gløymer aldri kor nær dei miste han.

Foto: privat

Ein liten babygut pludrar og strekkje seg etter leikene i babygymmen i stova heime på Nordmøre. For foreldra er det eit stort under at han er i live.

Då mora Mari (26) var seks veker på veg og fekk blødningar, konstaterte legen at embryoet var livlaust og foreldra fekk beskjed om at alt håp var ute. Tablettane dei fekk med frå sjukehuset ville raskt setje i gang ein abort.

Men barnet var aldri dødt. Legen hadde sett feil.

– Det verste som kunne skjedd var at vi berre hadde tatt dei tablettane, så hadde det jo ikkje vore noko meir, seier ho.

Body med påskrifta "Little miracle" og to positive graviditetstestar

Etter fem mislukka prøverørsforsøk, blei Mari endeleg gravid. Det held på å gå gale igjen.

Foto: privat

Heime låg allereie dei første klesplagga og eit par bitte små babysko og venta på den vesle babyen.

Venta med heime-aborten

Men det unge paret kunne ikkje tru at draumen om ein liten familie skulle ende slik, og kjende på seg at noko var heilt feil.

Sjølv om det var stikk i strid med rådet frå sjukehuslegen, bestemte dei seg for å vente med å ta Cytotex-tablettane, som ville støyte ut embryoet i løpet av nokre timar. I staden tok dei kontakt med ein annan lege og fekk kome på ultralyd to dagar seinare.

– Etter å ha gråte oss gjennom heile helga kom endeleg måndagen. Det første som lyste mot oss på skjermen var eit bankande hjarte som slo 110 slag i minuttet. Akkurat slik det skal, seier Mari.

Ultralydbilde av baby

Eit etterlengta bilde frå ultralyd-undersøking på sjukehuset seinare i svangerskapet viser eit levande foster.

Foto: privat

For sjølv om hjartet var bittelite, starta det å slå allereie 3–4 veker etter befruktning. Hjarteslaga kan vere vanskelege å registrere hos eit så lite embryo, og dei to legane fekk difor heilt ulikt resultat berre med to dagars mellomrom.

Foreldra ønskjer at berre mora sitt fornamn skal bli brukt, for å unngå å bli kjende igjen. Men NRK kjenner identiteten deira, og det er ikkje usemje mellom dei og legen om hovudtrekka i det som skjedde.

Legen ber om orsaking

Statens helsetilsyn har no granska saka og konkludert med at legen braut lova då ho konstaterte at det seks veker gamle fosteret ikkje levde, og deretter gav mora abortframkallande medikament.

«Statens helsetilsyn vurderer at denne behandlingen ble gitt på et svært usikkert grunnlag og at avviket fra god praksis er av en slik alvorlighetsgrad at helsehjelpen var uforsvarlig», heiter det i konklusjonen.

Helsetilsynet konkluderer med at det var ein enkeltståande feil, legg vekt på at legen har vedgått feilen og at arbeidsgjevaren har sett i verk tiltak for at det ikkje skal skje igjen.

Legen ønskjer ikkje å uttale seg til NRK, men i brevet til Helsetilsynet kjem det fram at ho angrar på diagnosen ho stilte, og ber om orsaking for det som skjedde.

Øyvind Nytun, avdelingssjef Føde SNR

Konstituert avdelingssjef Øyvind Nytun seier dei har gått gjennom eigne rutinar for å unngå at noko liknande skjer igjen.

Foto: Roar Strøm

– Normal praksis er at kvinnene i slike situasjonar blir undersøkte av to ulike legar, her skjedde det dessverre ein feil, noko vi beklagar på det sterkaste. Vi har hatt ein grundig gjennomgang av saka og våre eigne rutinar for å unngå at dette skjer i framtida, seier Øyvind Nytun, som er konstituert avdelingssjef for fødselsomsorga i Nordmøre og Romsdal.

Fortel for at andre skal sleppe det same

Det som har gjort opplevinga ekstra tung, er at det unge paret har kjempa i fleire år for å bli gravide. Bak seg har dei fem mislykka prøverørsforsøk. Men i oktober kom den etterlengta guten til verda. Framleis må Mari gråte når ho huskar kor nær ho var å misse fosteret i magen.

– Det er vondt å tenkje på. Og så er eg glad for at vi stolte på oss sjølve, at vi var kritiske og tok oss tid til å vente og få ei ny vurdering, seier ho.

Nyfødd hand

Det var stor glede i den vesle familien då den babyguten endeleg kom til verda, frisk og rask, hausten 2020.

Foto: privat

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL