Hopp til innhold

Legar merkar stor pågang – no lovar statsråden å sjå på fråværsgrensa

Elevar med sår hals eller snufsing må no oppsøke lege for å få godkjent fråvær. – Sløsing med ressursane, seier kommuneoverlege.

Madelen Valbø Enoksen

Madelen Valbø Enoksen blei forkjølt i haustferien. Hadde det skjedd no hadde ho måtte oppsøkt lege.

Foto: Remi Sagen / NRK

Befolkninga i Noreg har fått prenta inn at vi skal halde oss heime ved det minste snufs eller vondt i halsen.

– Eg må ha legeerklæring for å vere borte frå skulen berre for å vere forkjølt og snufse litt, sukkar Madelen Valbø Enoksen (18) på Ålesund vidaregåande skole.

Fråversreglane skaper frustrasjon både hos elevar og legar, som opplever eit rush av snufsete elevar på legekontoret.

No varslar den nye kunnskapsministeren, Tonje Brenna (Ap), at ho vil gjere reglane mindre rigide og byråkratiske.

– Regjeringa sitt mål er at elevane skal vere mest mogleg på skulen. Det er uheldig at fastlegar si knappe tid blir tatt opp av forkjølte elevar. Derfor vil eg sjå på moglegheita for å forme fråværsreglane på ein betre måte.

Tonje Brenna

Kunnskapsminister Tonje Brenna vurderer å endre reglane for fråvær i skulen.

Foto: Marit Eilertsen

Eksplosjon av sjuke

Fråversgrensa blei innført igjen sist veke, og Kremmergården legesenter i Ålesund har dei siste dagane har dei blitt kontakta av mange ungdomar.

Ingunn Myklebust

Kontorsjef ved Kremmergården legesenter i Ålesund, Ingunn Myklebust, seier at dei merkar auka pågang av ungdommar som treng legeerklæring.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Frå før av var det alt hektiske dagar på legekontoret. Kontorsjef Ingunn Myklebust seier telefonen ringer i eitt sett.

– Etter at samfunnet opna opp igjen har det eksplodert med smitte av luftvegsinfeksjonar. Vi klarer nesten ikkje ta unna, seier Myklebust.

– Unødvendig ressursbruk

Også i Kristiansund merkar legane at det har auka med førespurnader dei siste dagane.

– Det blir relativt mange unødvendige konsultasjonar som fastlegen heller kunne brukt til meir fornuftige ting, seier kommuneoverlege Askill Sandvik.

Askill Sandvik, kommuneoverlege i Kristiansund

Kommuneoverlege i Kristiansund, Askill Sandvik, meiner fastlegane heller bør bruke tida på sjuke folk enn å skrive erklæringar til forkjølt ungdommar.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

Han meiner styresmaktene burde ha venta med å innføre fråværsgrensa til etter jul. I haust florerer det med forkjøling og luftvegsinfeksjonar. I tillegg er influensa venta å kome snart.

Ekstra stress

Elevorganisasjonen meiner det hastar for den nye kunnskapsministeren å endre reglane.

– Vi har valet mellom å overbelaste fastlegane eller å gå på skulen sjuke for å få karakter i faga, seier leiar i Elevorganisasjonen, Edvard Botterli Udnæs.

Leder for Elevorganisasjonen Edvard Botterli Udnæs

Leiar for Elevorganisasjonen, Edvard Botterli Udnæs, trur mange elevar går på skulen no sjølv om dei er sjuke.

Foto: Torkil Stoltz / NRK

Ved skulen i Ålesund håper også Madelen Valbø Enoksen og venninna Sofie Solheim at reglane blir endra raskt.

– For oss som går sisteåret har fråværet mykje å seie for vitnemålet vårt. Det kan ende med at du kjem på skulen sjølv om du er sjuk, seier Solheim.

Sofie Solheim

Sofie Solheim meiner fråværsgrensa fører til eit ekstra stress.

Foto: Remi Sagen / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL

Markering for samtykkelov utanfor Stortinget i Oslo.

Krev at ei samtykkelov kjem på plass no