NRK Meny

Lege skal ha kledd av seg

Helsetilsynet nektar å gje tilbake autorisasjon til ein lege som er skulda for uforsvarleg versemd, skriv Sunnmørsposten. Legen miste autorisasjonen etter ein episode der han skal ha kledd av seg på overkroppen og oppført seg på ein måte som pasienten oppfatta som seksuelt krenkande. Legen klaga på vedtaket. Helsetilsynet har vurdert saka på nytt, men held fast ved at legen er ueigna til å arbeide som lege.