Lege meiner fotografering kan kurere stress

Legen og fotografen Torkil Færø meiner svært mange med livsstils­sjukdommar kan bli betre av å gå ut og fotografere.

Heidi Josefsen fotograferer

TERAPI: Heidi Josefsen (37) meiner fotografering hjelper henne til å bli frisk.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Heidi Josefsen (37) er ei av dei som har testa ut fotografering som medisin. Ho fekk virus på balansenerven og klarte ikkje å halde fram i jobben. Stress og kjensla av å vere utbrent vart ein del av kvardagen. Seinare har det blitt mange turar i skog og mark med mobilen heime i Sykkylven på Sunnmøre. Den daglege turen har blitt ei fristund.

– Då klarer eg å fokusere på akkurat det eg har framfor meg. Eg konsentrerer meg om detaljar og får ei slags indre ro, seier ho.

Heidi Josefsen fotograferer

Heidi Josefsen ute på ein av sine daglege fototurar.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

– Kan hjelpe 60 prosent

Legen og fotografen Torkil Færø meiner Josefsen har funne ein god metode på vegen mot å bli frisk. Han hevdar at opptil 60 prosent av alle som slit med stress, utbrentheit og psykiske problem kan få hjelp dersom dei tek i bruk fotoapparatet.

– Eg ser at pasientar slit med å akseptere den situasjonen dei er i, og det kan vi trene på ved fotografering. Då må vi akseptere lyset, vêret og dagsforma i augeblinken og gjere det beste utav det, seier Færø.

Torkil Færø

Torkil Færø jobbar som vikarlege og er for tida i Sykkylven på Sunnmøre.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Torkil Færø har no skrive bok om fotografering som medisin mot livsstilssjukdomar. Han kallar det kamerakuren, og seier mange kan få hjelp ved å bruke hans metode systematisk.

– Men er ikkje dette ei litt for enkel løysing?

– Dei gode løysingane er som regel dei enkle. Denne løysinga har for meg i mange år vore så enkel at eg har oversett den, seier han.

God idé å ha eit prosjekt

Psykolog Peder Kjøs har ikkje lest boka til Færø, men på generelt plan seier han det alltid er ein god idé å ha eit prosjekt og gode rutinar dersom du ikkje har det så bra.

Peder Kjøs

Psykolog Peder Kjøs.

Foto: Andris Søndrol Visdal

– Her skriv han om sin måte å gjere det på. For andre kan det vere slik at når du har det rotete inni deg, så kan det hjelpe å rydde huset, derav desse ryddebøkene. Det er fint at det finst oppskrifter, men det som er felles med slike bøker, er at det hjelper å ha eit prosjekt, seier Kjøs.

Han understrekar at det er viktig å ikkje gi opp dersom oppskrifta i ei konkret bok ikkje verkar på deg.

– Har du glede av å gjere eit prosjekt andre har gjort før deg, er det fint. Men om det ikkje verkar, så finn noko anna. Dersom du er skikkeleg dårleg til å fotografere, og ikkje finn glede i det, betyr det ikkje at du har feila. Det viktigaste er at prosjektet er ditt eige, seier han.

Høyr meir om Kamerakuren i NRK P2s samfunnsmagasin Ekko her (Dr. Torkil Færø kjem etter 27 minutt):