NRK Meny

Lege med avgrensa autorisasjon

Statens helsetilsyn har avgrensa autorisasjonen til ein legevikar på søre Sunnmøre etter feilbehandling av sju pasientar. Det inneber at legen ikkje kan drive sjølvstendig som lege. Statens helsetilsyn skal godkjenne alle jobbar legen tek på seg i framtida. Pasientane hadde fått uforsvarleg medisinering, skriv smp.no (krev abonnenment).

Statens Helsetilsyn
Foto: Christian Thomassen/Scanpix