Hopp til innhold

Gjorde alvorleg feil på operasjonsbordet – no slår ukjende kollegaer ring rundt legen

Legen gløymde igjen ein 40 centimeter stålstreng inne i pasienten. No får han støtte frå kollegaer over heile landet.

Fotomontasje

Saka blir granska av Statsforvaltaren etter at ein lege gløymde å ta ut ein stålstreng etter eit inngrep i fjor haust. Fleire legar seier feilen like godt kunne skjedd på deira vakt.

Foto: privat/NRK

Alle kan gjere feil på jobben, men når helsepersonell gjer det, kan det få fatale følgjer. Ein lege ved sjukehuset i Molde gløyme nyleg igjen ein 40 centimeter lang stålstreng inne i blodåra til ein pasient.

Då Trond Nordseth (44), som er anestesilege på St. Olavs hospital las saka på nrk.no, bestemte han seg for å kaste seg ut i det. På si eiga Facebookside skreiv han om den gongen han sjølv gjorde akkurat den same feilen.

Overlege Trond Nordseth

Anestesilege Trond Nordseth seier han stort sett har fått positive tilbakemeldingar på innlegget sitt.

– Vi blir jo lege, sjukepleiar og ambulansearbeidar fordi vi ønskjer å hjelpe folk. Når vi endrar med å skade pasientar, er det svært belastande. Difor er det viktig å vareta dei som gjer feil, seier Nordseth.

Skreiv om sin eigen feil

I Facebook-innlegget, som fleire hundre har likt, kommentert og delt dei siste timane, skriv den erfarne anestesilegen om at også han gløymde å fjerne stålstrengen i blodåra til ein pasient, truleg fordi han blei distrahert ein augeblink:

«I mitt tilfelle tok det en uke før det ble oppdaget, og den aktuelle pasienten måtte igjennom en ekstra prosedyre for å få wiren fjernet. Feilen gjøres dessverre med jevne mellomrom på norske sykehus og dette er neppe første eller siste gang en anestesilege gjør dette.»

Skjermdump frå Facebook av innlegget til Trond Nordseth

I eit ope Facebook-innlegg fortel lege Trond Nordseth om ein alvorleg feil han sjølv gjorde. Han har fått stor respons på innlegget etter at han posta innlegget måndag morgon.

Foto: Skjermdump frå Facebook

Fleire andre i helsevesenet takkar for innlegget og skriv at også dei kunne gjort slike feil sjølv.

– Men er du ikkje redd for at innlegget ditt skal føre til at folk blir bekymra for å bli råka av feil i helsevesenet?

– Jau, det er fare for at pasientar blir redde, men det er veldig dumt dersom legar ikkje tør å snakke om feil. Då kan feila skje igjen, seier han.

Frykt for å bli hengt ut i avisene

I Danmark blei emneknaggen #DetKuHaVæretMig tatt i bruk i helsevesenet etter at ein dansk, ung lege opplevde å bli gjort til syndebukk etter ein alvorleg pasientfeil. Ei rekkje kollegaer posta då sine eigne tabbar, for å vise sympati.

Nordseth seier også norske legar har mykje å lære av kollegaene i Danmark.

– Eg håper fleire legar vedgår feil og er opne om sine feil, spesielt når det kjem fram i media uheldige hendingar, slik at vi kan ha opplyste debattar om kva som skjer i helsevesenet, seier han.

Takkar for støtte

Også Lindy Jarosch-von Schweder i Legeforeningen applauderer tanken om å dele eigne feil.

– Eg håper vi får dette meir på dagsorden, det gjer ta vi får ein annan openheitskultur enn det vi kanskje har hatt. Den typen støtteerklæringar betyr svært mykje for den enkelte legen, seier ho.

Lindy Jarosch-von Schweder

Lindy Jarosch-von Schweder i Legeforeningen seier det er viktig at legar tør å fortelje om feila dei gjer, også fordi det bidrar til færre pasientskadar.

Foto: Roar Strøm / NRK

Legen som gjorde feilen ved sjukehuset i Molde har lest Facebook-innlegget til Trond Nordseth og seier han set pris på støtten.

– Eg trur at om vi som er helsearbeidarar er opne og ærlege om feila våre, er det bra både for pasientryggleiken og tilliten til helsevesenet. Openheita som Nordseth viser kan også gjere belastninga lettare for den enkelte. Men det er viktig å understreke at dette ikkje kan måle seg med den belastninga som pasienten gjennomgår, seier han.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL