Hopp til innhold

Lege får kritikk for å ha avbestilt sjukebil til dødssjuk pasient

Ein romsdalslege får kritikk frå Helsetilsynet etter at han stoppa sjukebilen som var bestilt til ei kvinne med ein alvorleg infeksjon. Nokre timar seinare var kvinna død.

Statens Helsetilsyn

Statens Helsetilsyn er kritisk til at ei kvinne med alvorleg infeksjon ikkje fekk sleppe til hos legen. Sjukebilen som skulle ta henne med til legevakta, avbestilte han.

Foto: Christian Thomassen/Scanpix

Helsetilsynet konkluderer med at ein romsdalslege har brote helsepersonellova på to område, både når det gjeld behandlinga og manglande journalføring.

Saka starta i august 2015 etter at dei pårørande slo alarm. Eit lite sår på foten utvikla seg i løpet av kort tid til å bli så alvorleg at mora døydde av blodforgifting og multiorgansvikt. I ettertid viste det seg at legen hennar kort tid før hadde avvist å ta imot henne, sjølv om både ho, dei pårørande og heimesjukepleia var urolege og bad om det.

Hevdar livet kunne vore redda

I rapporten frå Helsetilsynet går det fram at dei pårørande er skaka, og meiner at livet hennar kunne vore berga, dersom legen ikkje hadde avbestilt sjukebilen som heimesjukepleia hadde ringt etter.

Dette skjedde etter at kvinna i løpet av dagen hadde fått stadig aukande smerter og foten var hovna opp og blitt blå.

Men sidan kvinna hadde vore der tidlegare på dagen, meinte legen at det ikkje var nødvendig at ho kom tilbake, og skreiv i staden ut sterke smertestillande til henne.

Det er dette han får kritikk for.

Legen får også kritikk for å ikkje har notert i journalen til kvinna kva for vurderingar som låg bak avgjerda.

– Kunne kanskje redda liv

Legen har ifølgje Helsetilsynet vedgått at behandlinga av pasienten kunne vore betre, og at det kanskje kunne redda livet hennar.

I rapporten kjem det fram at han ikkje huskar pasienten, og heller ikkje kvifor han ikkje ville ta henne inn til ny konsultasjon, men i staden gav henne Paralgin Forte.

Han huskar heller ikkje kvifor han ikkje gav henne antibiotika, og beklagar at han ikkje har skrive noko om dette i journalen.

Legen beklagar også at han ikkje lytta godt nok, og vedgår at han ikkje forstod kor alvorlege symptom kvinna hadde.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL