Hopp til innhold

Legar skriv ut for mykje: – Gjer pasienten ei bjørneteneste

For mykje B-preparat, i for lange periodar. Pasientar må ofte på avrusing for medisin dei har fått av fastlegen. No ønsker legane hjelp frå styresmaktene for å skrive ut mindre.

Reseptlagte medikamenter

BØR BRUKE MINDRE: Paralgin forte og Imovane er begge B-preparat. Legar meiner sjølv det blir skrive ut for mykje av desse stoffa, men seier det må bli enklare for dei å seie nei. No vil dei ha styresmaktene på bana.

Foto: Øyvind Johan Heggstad / NRK

– Vi skriv ut for mykje, og må ta vår del av ansvaret, seier lege, Petter Brelin.

Petter Brelin

BER OM HJELP: Petter Brelin er lege og leiar i Norsk Forening for Allmennmedisin. Han ønsker hjelp frå styresmaktene til å få ned bruken av B-preparat.

Foto: Oda Marie Midbøe / NRK

Brelin er praktiserande fastlege og leiar i Norsk Forening for Allmennmedisin.

Han er ein av dei som meiner legar skriv ut for mykje B-preparat. Sterke, vanedannande medikament som sovemedisin, beroligende og angstdempande medisin.

Medikamenta er til god hjelp for mange pasientar i ein vanskeleg situasjon, men sidan dei er så vanedannande kan dei fort bli eit problem.

Dette er medisin vi helst bør bruke i lite omfang og korte tidsperiodar

Petter Brelin

– Vi bør berre skrive det ut når det er høgst nødvending. Altså når pasienten er i krise eller har det særleg vanskeleg, utdjupar han.

Likevel blir det skrive ut mykje B-preparat i Norge. Ikkje noko meir enn for 10 år sidan, men heller ikkje nemneverdig mindre. Fleire meiner det er ein uting.

Fungerer som alkohol

Egil Romslo Schistad

UGREITT: Legen Egil Schistad jobbar på Ålesund Behandlingssenter, kor dei behandlar rus og avhenge. Han ser dagleg pasientar på behandling for B-preparat.

Foto: Aleksander Båtnes / NRK

– Her på klinikken ser vi dagleg folk som må på avvenning for B-preparat, seier Egil Schistad.

– Folk trur kanskje at det ikkje er farleg eller at ein ikkje kan bli avhengig, berre fordi det er ein tablett, seier han.

Men det stemmer ikkje. Schistad forklarer at mange av desse medikamenta fungerer på kroppen på same måte som alkohol eller heroin. Dei er sterke og lett å bli avhengig av.

Medisinane fungerer veldig bra på kort sikt, men gjer ingenting med det underliggande problemet.

Egil Schistad

– Sjølv om det er velmeint, kan legen gjere pasienten ein bjørneteneste ved at pasienten får avheng som eit tilleggsproblem.

Ber styresmaktene om hjelp

– Vi har hatt mange forsøk på å redusere bruken av B-preparat. Statistikken viser at vi ikkje skriv ut særleg meir enn for 10 år sidan, men vi burde likevel redusere bruken, seier Brelin.

Brelin seier at legar ofte har problem med å overtyde pasientar om at B-preparat ikkje er hensiktsmessig, og ønsker seg hjelp frå styresmaktene.

– Vi har gode erfaringar med kampanjen rundt antibiotika, der styresmaktene har vore med å forklare kvifor det er viktig at vi ikkje bruker for mykje.

– Kanskje vi kunne fått god effekt av ei slik kampanje for B-preparat, seier Brelin spørjande.

Vurder nasjonal kampanje

Helsedirektoratet er kjent med utfordringa, og seier dei får førespurnader om B-preparat.

– Vi får tilbakemelding om at det er eit problem for forholdsvis mange pasientar, seier Per Magne Mikaelsen i Helsedirektoratet.

Per Magne Mikaelsen

GJER MYKJE: Per Magne Mikaelsen i Helsedirektoratet meiner dei gjer mykje for å informere om desse medikamenta. Ifølge Mikaelsen viser ei undersøking at folk veit mykje om vanedannande medisin.

Foto: Rebecca Ravneberg

Mikaelsen forklarer at direktoratet har gitt ut ei nasjonal rettleiing til legane, og at dei legg ganske strenge føringar for korleis legane skal handtere B-preparat.

– Vi har gjort ei nasjonal undersøking som viser at befolkninga har god kunnskap om vanedannande medikament. Direktoratet deler også informasjon om temaet på si eiga nettside, Helsenorge.no.

– Det kan godt hende at direktoratet burde gjort meir. Vi vurderer det heile tida, men enn så lenge har ikkje vi fått noko oppdrag om å gjere det, seier han.