Hopp til innhold

Kritiserer innleigd konsulent for å ha brukt YouTube til å slå fast lege-feil

Då konsulenten slo fast at legane hadde brote lova, brukte han YouTube for å forklare kva han meinte hadde gått gale. Det fall dårleg i smak.

Skjermdumpt frå YouTube

Det er denne YouTube-videoen som blei vist til i saka. Videoen viser korleis ein stålvaier skal leggast inn i ei blodåre.

Foto: Skjermdump

Dei tilsette på sjukehuset i Molde fekk nyleg refs for å ha gløymt igjen ein 40 centimeter lang stålvaier inne i kroppen til ei kvinne. Kvinna kom frå det utan alvorlege skadar, men klaga.

Konklusjonen var ikkje til å ta feil av:

Legane hadde gjort mykje gale. No slår dei tilbake.

– Det er uheldig at Statsforvaltaren brukar YouTube-videoar for å orientere seg om korleis prosedyren blir utført, skriv dei i eit klagebrev til Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.

Dei ber samtidig om ei ny vurdering av saka.

Brevet er signert to av overlegane i helseføretaket. Ingen av dei vil la seg intervjue av NRK og seier at brevet får tale for seg sjølv.

Les også Legen gløymde igjen 40 cm stålstreng i blodåra: – Kunne i verste fall blitt livsfarleg

Fotomontasje

Kritikk på fleire punkt

Legane har lista opp ei rekkje punkt dei hevdar den innleigde konsulenten har misforstått og tydlegvis ikkje har kjennskap til før han trekte sin konklusjon:

  • Overlegane meiner det er gale når konsulenten skriv at feilen med å gløyme igjen ein stålvaier skjer «uhyre sjeldan».
  • Dei reagerer på at han meiner det er «nesten utruleg» å gløyme igjen ein stålvaier i pasienten sin kropp
  • Dei hevdar han har misforstått prosedyrane ved innlegging av ein stålstreng, og viser til at han refererer til ein YouTube-video
  • Dei hevdar vidare at han viser til retningslinjer som er i strid med rutinane på fagfeltet
  • Og at han konklusjonen er «i overkant preget av etterpåklokskap og fremstår tidvis unødvendig raljerende overfor involvert personell»
    Yngve Müller Seljeseth

    Overlege Yngve Müller Seljeseth hevdar at saksbehandlarane hos Statsforvaltaren i Møre og Romsdal ikkje har god nok kompetanse.

    Foto: Remi Sagen / NRK

NRK skreiv nyleg om overlegen Yngve Müller Seljeseth i Ålesund som miste nattesøvnen etter ei anna klagesak. Han meinte at Statsforvaltaren i Møre og Romsdal ikkje hadde nok kompetanse og trekte feil konklusjon.

Den samme kritikken kjem no på nytt.

Den omtalte videoen er laga av eit amerikansk selskap og viser korleis ein mandreng skal leggjast inn i ei blodåre. Ein mandreng er ein tynn plastsonde med ein stålvaier inni.

Les også Overlegen Yngve miste nattesøvnen då granskarane slo til

Yngve Müller Seljeseth

Hevdar konsulenten avslører seg

Det er Steinar T. Aase som har vore medsinfagleg konsulent for Statsforvaltaren i Møre og Romsdal. Aase er avtroppande fylkeslege i Vestfold og har vurdert det som skjedde då ein lege under spesialisering (LIS) gløymde igjen stålvaieren inne i kroppen til ein pasient. Han ønskjer ikkje å kommentere kritikken frå overlegane.

I konklusjonen som blei fatta i fjor sommar, skreiv han mellom anna:

«I den instruksjonsvideoen på YouTube som den påklagede LIS viser til, presiseres det også veldig tydelig at man bare behøver å føre inn mandrengen omtrent tilsvarende kateteret (CVK) sin lengde, og at det meste av mandrengen derved forblir godt synlig utenpå pasienten».

Legane meiner denne skildringa av korleis inngrepet bør utførast ikkje er korrekt og hevdar det avslører at den medisinskfaglege konsulenten ikkje kan nok.

Molde sjukehus

Det var her ved sjukehuset i Molde det gjekk gale då legane la inn ein stålvaier i kroppen på ein pasient.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

Avviser kritikken

Fylkeslegen i Møre og Romsdal, Karin Müller Mikaelsen, avviser at Aase har brukt YouTube til å trekkje sin konklusjon om at pasienten fekk uforsvarleg helsehjelp.

– Dette er ein faktafeil. LIS-legen viste sjølv til denne videoen som ei av kjeldene hans. Difor kommenterte vår medisinfaglege saksbehandlar innhaldet, men brukte ikkje sjølv YouTube som kjelde for normering, skriv Mikaelsen i ein e-post til NRK.

 Karin Müller Mikaelsen, fylkeslege Møre og Romsdal

Fylkeslege Karin Müller Mikaelsen avviser at den innleigde konsulenten har brukt YouTube for å trekkje sin konklusjon.

Foto: Roar Strøm / NRK

NRK forklarer

Kvifor blir legar og sjukepleiarar granska?

Kvifor blir legar og sjukepleiarar granska?

Kven kan klage?

  • Pasientar som meiner dei ikkje har fått den behandlinga dei skulle hatt eller har fått ein skade som følgje av helsehjelpa, kan klage til Statsforvaltaren.
  • Statsforvaltaren er sett til å granske saker der det er rimeleg grunn til å tru at noko har blitt gjort feil.
Kvifor blir legar og sjukepleiarar granska?

Kva inneber granskinga?

  • Ei slik gransking inneber mellom anna at Statsforvaltaren hentar inn pasientjournal og får informasjon frå den som klagar.
  • Helsepersonellet og leiinga blir også bedne om å gje sin versjon av kva som har skjedd.
  • Saka blir vurdert både av helsepersonell og juristar hos Statsforvaltaren.
  • Dei mest alvorlege sakene blir sende vidare til Statens helsetilsyn som til dømes kan ta frå legar retten til å praktisere eller konkludere med at helsepersonell eller verksemda har brote lova.
Kvifor blir legar og sjukepleiarar granska?

Kor mange slike saker er der?

  • Berre i 2021 behandla statsforvaltarane 2241 klagesaker frå heile landet.
  • I 1 av 3 saker blei det konkludert med eitt eller fleire lovbrot. Slike lovbrot kan på sikt få yrkesmessige konsekvensar.
  • 225 saker var så alvorlege at dei blei sende til Statens helsetilsyn.
Kvifor blir legar og sjukepleiarar granska?

Kan ikkje klage på konklusjonen

  • På dei fleste saker har ikkje legar og anna helsepersonell klagerett.
  • NRK har spurt dei åtte statsforvaltarane kor mange som likevel prøvar å klage på vedtaket. Dei har ingen eksakte tal, men etter alt å dømme er det svært få.
  • Slike saker er ei stor belastning for pasientane og pårørande som har blitt skadelidande, men det er ofte tungt også for dei tilsette i helsevesenet.

Beklagar overfor pasienten

Fagdirektør Erik Solligård svarar ikkje på om leiinga i Helse Møre og Romsdal stiller seg bak kritikken frå legane, og strekar under at dei har eit godt samarbeid med Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.

Så vil det vere enkeltsaker der våre legar er usamde i konklusjonar knytt til tilsynssaker. Det ønskjer vi å følgje opp gjennom saksbehandlinga og dialogen med Statsforvaltaren, skriv fagdirektør Erik Solligård.

Han beklagar på nytt overfor pasienten.

Portrettbilde av NTNU-professor Erik Solligård. Han er iført hvit frakk og står i sykehusomgivelser.

Fagdirektør Erik Solligård svarer ikkje på om han stiller seg bak kritikken frå overlegane i Molde.

Foto: Karl Jørgen Marthinsen / NTNU

Kvinna som gjekk rundt med stålvaieren i over tre månader har også tidlegare fått ei orsaking frå sjukehuset. Ho har ikkje noko til overs for misnøya frå legane.

– Det er ganske dårleg at dei klagar. Dei har sendt ei orsaking for at dei gjorde feil, då bør dei jo ta på seg vaksen-buksene sine og stå for det dei har gjort, seier ho. Ho ønskjer ikkje å utdjupe kritikken ytterlegare.

Dei to legane seier til NRK at dei sterkt beklagar det som skjedde for pasienten, og at kritkken i brevet rettar seg mot saksbehandlinga til Statsforvaltaren.

NRK har i ettertid endra opplysninga om at fagdirektøren i Helse Møre og Romsdal ikkje stiller seg bak kritikken frå legane, til at han ikkje vil svare på dette. Han har også presisert at han beklagar overfor pasienten som er omtalt i saka.

Kvinne etter inngrep på Molde sjukehus

Først etter tre månader oppdaga legane at kvinna hadde gått rundt med ein 40 centimeter lang stålvaier frå halsen til lysken. Det kunne blitt fatalt.

Foto: privat

Hei!

Har du tips eller innspel om saka? Send meg gjerne ein epost!