Hopp til innhold

Sterkt medisinerte pasientar fekk køyre bil

To legar blir granska av Helsetilsynet for å ikkje melde frå om at pasientane brukar sterke medisinar. Politiet i Møre og Romsdal er bedt om å ta førarkortet frå 31 personar.

Førerkort

Minst 31 personar fekk behalde førarkortet sjølv om dei gjekk på sterke, vanedannande medisinar.

Foto: Camilla Bilstad / NRK

Det er ein lege frå Sunnmøre og ein frå Romsdal som no vert granska av Helsetilsynet.

Legane har ikkje meldt frå om at pasientane går på sterke, vanedannande medisinar, der ein ikkje får køyre bil.

31 mister førarkortet

Dei to sakene har ført til at fylkesmannen har bedt politiet om å ta førarkortet frå 31 pasientar.

– Vi veit ikkje om alle pasientane har køyrt bil, men vi ser alvorleg på at legane ikkje har meldt frå, seier fylkeslege i Møre og Romsdal, Christian Bjelke.

Helsetilsynet oppretta tilsynssak mot dei to legane, etter at dei fekk bekymringsmeldingar. Den eine av legane har også vorte kontrollert tidlegare.

– Det er første gangen vi kjem over ei sak med så stort omfang.

Kan bli fleire

Bjelke trur ikkje saka stoppar med dette.

– Vi har allereie fått melding om fleire personar som ikkje burde hatt førarkort av same årsak, seier han.

– Og når denne saka kjem ut, reknar eg med enda fleire melder seg.

Helsetilsynet og Fylkesmannen i Møre og Romsdal skriv i ei pressemelding at dei med dette ønskjer å settje fokus på eit viktig område når det gjeld pliktene til helsepersonell.

– Vi har oppdaga at ein del legar ikkje kan lova, seier Bjelke.

Helsetilsynet har også gjennom tidlegare tilsyn avdekka forhold som gir grunn til å mistenke manglande etterleving av meldeplikta, både på fastlege og helseforetaksnivå, skriv Fylkesmannen i Møre og Romsdal i pressemeldinga.

Christian Bjelke

Fylkeslege Christian Bjelke trur mange fleire førarkort vil bli tatt av politiet i tida som kjem. - Vi har merka at mange legar ikkje kan lova, seier han til NRK.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Tar saka vidare

Helsetilsynet i Møre og Romsdal vil sende saka vidare når dei har etterforska henne ferdig.

– Vi vil då sende saka vidare til Statens helsetilsyn, som vil vurdere reaksjonar mot legane, seier fylkeslege i Møre og Romsdal, Christian Bjelke.

1. juli vart førarkortføreskriftene skjerpa. Fylkeslegen i Møre og Romsdal har no sendt ut brev til helseføretaka og fastlegane og mint dei om reglane.

– Men desse pasientane hadde også blitt ramma av dei tidlegare reglane, som ikkje var like strenge, seier han.

Fleire har reagert på dei nye foreskriftene, og meiner dei vil ramme psykisk sjuke.