Hopp til innhold

Legar fryktar omkamp om sjukehus

 

Ottar Grimstad

Ottar Grimstad er leiar i Møre og Romsdal legeforening, som ber alle respektere eit vedtak i sjukehussaka i Nordmøre og Romsdal.

Foto: Gunnar Sandvik/NRK

Legeforeininga i Møre og Romsdal meiner alle må samle seg om den sjukehusløysinga som blir valt i Nordmøre og Romsdal. Dei vil ikkje ha omkampar frå dei som blir skuffa over valet.

Møre og Romsdal legeforening har kome med ein uttale om utviklingsplanen for Helse Nordmøre og Romsdal.

Dei meiner det må byggast eit nytt akuttsjukehus så snart som muleg, som ei samanslåing av sjukehusa i Molde og Kristiansund.

Vil ha bynært sjukehus

Foreininga vil at sjukehuset skal ligge bynært ein av byane, ikkje midt i mellom.

- Det må vere tilbod om poliklinikk og dagirurgi i den byen som ikkje får sjukehuset nær seg, heiter det i uttalen som er undersrkiven av leiar Ottar Grimstad i Møre og Romsdal legeforening og Marit H. Christiansen, foretakstillitsvald.

Fryktar nye rundar

Om mulege omkampar og nye rundar skriv dei dette: "Vi vil på det sterkaste oppmode om at den beslutninga som no blir tatt, blir endeleg og blir respektert av alle partar, sjølv om ein skulle vere usamd. Det må ikkje leggast opp til omkampar som auker faren for ytterlegare å skyve dette prosjektet ut i tid. Vidare utsettingar vil føre til ytterligare slitasje på innbyggarar og tilsette, og i tillegg føre til store kostnader til utbedring på Lundavang. Desse kostnadane vil på sikt vere bortkasta., og føre spesialisthelsetenesta i Nordmøre og Romsdal inn i ei varig bakevje."

Avgjerd før jul

Legeforeininga vil at sjukehuset skal ligge på aksen Molde - Kristiansund, slik at det blir muleg å pendle frå begge byane.

Sjukehuslokaliseringssaka skal avgjerast i styremøtet til Helse Møre og Romsdal 13.desember og Helse Midt-Noreg 14.desember.