Hopp til innhold

Legane i Ålesund er redde for å miste oppgåver

I dag er tillitsvalde legar og leiinga i Helse Møre og Romsdal og Helse Midt samla for å diskutere framtida til sjukehuset i Ålesund.

Ålesund sjukehus

Fleire legar ved sjukehuset i Ålesund fryktar at nokre av funksjonane i framtida blir flytta til det nye fellessjukehuset for Nordmøre og Romsdal.

Foto: NRK

Fleire legar i Ålesund er bekymra for å miste funksjonar til det nye fellessjukehuset som skal byggast for Nordmøre og Romsdal. Leiargruppa i helseføretaket er i dag til stades på eit møte for å svare på spørsmål frå dei tillitsvalde legane.

Bjarne Storset er fylkesleiar i Legeforeinga, og han meiner at ålesundslegane ikkje har noko å frykte.

Bjarne Storset

Bjarne Storset er fylkesleiar i Legeforeininga.

Foto: Møre og Romsdal legeforening

– Vi i Møre og Romsdal legeforeining trur det er liten grunn til å frykte dette, for investeringsramma for det nye fellessjukehuset gir ikkje rom for å flytte vesentlege funksjonar frå Ålesund, seier Storset.

Det er vedteke at det nye fellessjukehuset skal ligge på Hjelset i Molde og sjukehuset har eit budsjett på 4,2 milliarder kroner.

Storset innrømmer at det er ein krevande jobb å vere fylkestillitsvald med sterk indre usemje blant legane.

– Vi må jobbe for å få gode relasjonar, slik at vi kan utvikle ei god spesialisthelseteneste for pasientane, seier Storset.