Hopp til innhold

Lefsebakar (80) med rufsete kantar

Når Bella Sandvik bakar heilt runde lefser, er det eit reint arbeidsuhell.

Lefsesmøring

TRENG IKKJE VERE RUNDE: - Lefsene skal smørast og brettast likevel, seier Bella Sandvik.

Foto: Åge André Breivik

Bella Sandvik

ERFAREN BAKAR: - Eg er ingen bakar, men lagar til familien, seier Bella Sandvik.

Foto: Åge André Breivik / NRK

Sandvik har baka mange lefser i sitt liv, men ein ting gir ho fullstendig blaffen i.

- Det er berre av vanvare dersom lefsene vert heilt runde, seier ho.

Mange legg mykje flid i å få perfekt form på lefsene, men det bryr ikkje 80-åringen seg om.

- Dei skal brettast inn uansett, så det betyr då absolutt ingenting.

Artikkelen held fram under bildet.

Høyr adventskalenderepisode 22 her:

Lefsesmøring

SMØRER MED KANEL: - Eg syns lefsene er best då, seier Bella Sandvik.

Foto: Åge André Breivik / NRK

Erfaren lefsebakar

Lefse med søst

MED TILBEHØR: Lefse kan vere godt med søst eller tilsvarande.

Foto: Åge André Breivik
Lefse til væting

- BETRE MED POSAR: - Det er for mykje arbeid å væte med stoffdukar, seier Sandvik.

Foto: Åge André Breivik

I årevis har ho baka, både til eigen familie og andre.

- Eg blandar søtmjølk, semulegryn, smør og bittelitt sukker, fortel Sandvik.

Dette rører ho til ein tjukk graut, og sidan skal der mjøl i deigen.

Sjå lefseoppskrifta til Bella nederst i artikkelen.

Effektiv bakar

Sandvik har funne fleire måtar å effektivisere bakinga.

- Mange brukar mykje tid på å væte klutar for å legge mellom lefsene, men det gjer ikkje eg.

I staden held ho dei rett under springen.

- Deretter legg eg dei mellom oppklipte plastposar. Eg fann ut at det fungerer bra, i staden for å styre med desse klutane, seier Sandvik.

Du kan sjå fleire bilde frå lefsebakinga til Bella ved å trykke på bildegalleriet til høgre i artikkelen.

Ikkje alle likar lefser

Bella Sandvik lagar også lefser med surmjølk i.

Surmjølkslefse

SURMJØLKSLEFSE: - Den sorten er det ikkje alle som liker, seier lefsebakaren.

Foto: Åge André Breivik

- Men den sorten er det ikkje alle som likar, seier ho.

Sjølv har ho eit oldebarn som elskar baksten.

- Ho får stjerner i augene når oldemor har lefser å by på. Men eit anna oldebarn som er to år yngre spør iblant om ikkje han kan få ei skikkeleg skive. Så det er litt forskjellig.