Lefdal blir til Elkjøp
Elektronikk-kjeda Lefdal blir lagt ned og alle butikkane vert gjort om til Elkjøp-butikkar frå 15. januar. Ifølgje Ingar Teigene, dagleg leiar i HG Handel, vil ingen av Lefdal-butikkane bli lagt ned, men berre bli gjort om til Elkjøp. Dessutan vil ingen miste arbeidsplassane sine. – Det er viktig for oss å behalde arbeidsplassane, vi har mange flinke folk og dei må bli tatt vare på på ein god måte, seier Teigene. Leiar i Elkjøp Noreg, Fredrik Tønnesen, kan bekrefte at heller ingen av dei andre Lefdal og Elkjøp butikkane i Møre og Romsdal vil bli lagt ned og at ingen arbeidsplassar vil gå tapt.