NRK Meny
Normal

Ledige plassar på lærarutdanninga

Konflikten mellom lærarane og KS kan ha bremsa rekrutteringa til yrket. Det er ledige studieplassar ved lærarutdanningar fleire stadar i landet.

Leiinga for lærarutdanninga i Volda fryktar at streiken fører til at færre vil bli lærarar. Få dagar før studiestart har fleire av høgskulane i landet ledig kapasitet, og frykten er at ein langvarig konflikt gjer situasjonen endå verre.

LEDIGE PLASSAR: Konflikten mellom lærarane og KS kan ha bremsa rekrutteringa til yrket. Det er ledige studieplassar ved lærarutdanningar fleire stadar i landet.

– Vi kan ta inn kanskje tretti til førti elevar til, så dei er hjarteleg velkomne, seier Arne Myklebust, dekan, Høgskulen i Volda.

På trettitalet hadde Volda den største lærarskulen i Norden og tradisjonane er lange. Kapasiteten ved skulen er stor, og framleis er det ledige studieplassar ved lærarutdanningane ved Høgskulen.

Framleis ledige plassar

Oddvar Aalde

LEDIGE PLASSAR: Oddvar Aalde sjekkar kor mange studieplassar som står ledige.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

– Det er totalt 94 som har takka ja, seier Oddvar Aalde.

På kontoret i Volda sjekkar tilgangen til studia. Situasjonen er den same ved fleire høgskular som tilbyr lærarutdanning. Få dagar før studiestart er det mange ledige plassar.

Søkkinga til lærarutdanninga har lenge vore for låg. Ei langvarig konflikt mellom lærarar og arbeidsgivar kan ha bidratt til å forverre denne situasjonen.

– Når konflikten segla opp så tenkte eg at dette treng ikkje eg. Så sann sett trur eg ikkje det var eit sjakktrekk frå KS å køyre opp denne saka, seier Myklebust.

– I alle fall ikkje med tanke på vidare rekruttering, held han fram.

Behov for lærar i framtida

Arne Myklebust

BEHOV: Arne Myklebust ser eit stort behov for lærar i tida som kjem.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

Lystig leik i jungelen ved Øyra skule i Volda. Meir alvor blir det måndag, når dei møter lærarane sine. Myklebust vektlegger at det er eit stort behov for lærar i tida som kjem, både her i regionen og i andre regionar.

– Alderssamansetjinga i samfunnet gir eit tydeleg bilete av det og difor må vi få fleire folk som vil jobbe som lærar, seier Myklebust.

Myklebust og Aalde har begge lærarutdanning i botnen, men jobbar no i administrasjonen. Dei skjønnar godt at nokre nøler for å søkje lærarutdanninga.

– Det at ein får ei konflikt og så stort fokus på misnøye til lærarane er ikkje positivt i forhold til rekrutteringsarbeid, seier Myklebust.

Oppdatering frå lærarstreiken

Torsdag kveld sat framleis lærarane og KS framleis i samtaler hos Riksmeklaren. Leiar i Utdanningsforbundet Ragnhild Lied har sagt eit eventuelt resultat vil takst til ny uravstemming hos lærarane.

NRK.no kunne seint torsdag kveld melde at lærarstreiken fortset. Etter tolv timer hos riksmeklaren avsluttar Utdanningsforbundet meklinga med KS.

– KS har ikkje forstått alvoret i situasjonen og kom oss ikkje i møte. Derfor er det ikkje grunnlag for å fortsette meklinga, seier Utdanningsforbundets leiar Ragnhild Lied.

Avstanden mellom partane i lærarkonflikten er framleis stor, forklarte riksmeklar Nils Dalseide før arbeidet for å løyse striden heldt fram utover kvelden.