No kan brukarane sjølve velje om dei vil ha privat tilsette heimesjukepleiarar – eller kommunalt tilsette. Birte Vegsund, leiar ved tildelingskontoret for heimesjukepleie i Ålesund, syns at det er overraskande at nesten ingen har valt det private tilbodet.
– Om lag 850 personar fekk tilbodet om privat heimesjukepleie, men berre tre personar har valt å takke ja. Det syns eg er eit lav tal, seier Vegsund.
Kan vere ukjent for mange
Ho trur at mange er nøgde med den kommunale tenesta dei har frå før og ønskjer difor ikkje å byte. Andre kan vere usikre på kva dei får med det nye tilbodet.
– Det kan nok vere litt ukjent for mange.
Det er bystyret som har bestemt at brukarane sjølve skal få velje. Om dei vil ha heimesjukepleiar tilsett i kommunen – eller heimesjukepleiar frå eit privat selskap. Ved årsskiftet gjekk spørsmålet ut til alle som hadde rett på tenesta.
– Vi har blitt gode på å spreie informasjon om det nye tilbodet. Etter kvart som vi lærer dei private selskapa å kjenne, og vi ser at dei leverer det vi forventar, så blir det også tryggare, seier Vegsund.
Eitt år etter bystyremøtet
Eit fleirtal frå Frp, Høgre og Venstre gjekk inn for å støtte rådmannen i å opne for privat heimesjukepleie i mars i fjor.
Det vart då bestemt å lyse ut anbod med sikte på tildeling av tenestekonsesjon for private leverandørar som kan ta på seg oppdrag innanfor open omsorg. Anbodet omhandlar heimesjukepleie, praktisk bistand og BPA (brukarstyrt personleg assistanse) i bustader utan heil- eller deldøgnsbemanning.