Hopp til innhold

Lausriving eller ikkje for Nordmøre

Har Nordmøre mest å vinne på å skifte fylke eller på å bli verande i Møre og Romsdal? Det blir diskuterte på eit folkemøte i Kristiansund i kveld.

Mange har møtt fram for å høyre diskusjonen om kva fylke nordmørskommunar bør høyre til.

Det er svært stor interesse for å vere med på folkemøte om kva fylke nordmørskommunar bør høyre til i framtida.

Foto: Anne-Mari Flatset / NRK

Folkemøtet i Kristiansund om lausriving av nordmørskommunar frå Møre og Romsdal, samlar fulle hus og vel så det.

Salen der møtet starta ved 18-tida, har sitjeplass til 280 personar. Fleire måtte avvisast i døra, fortel NRK-reporterar på folkemøtet, som blir arrangert av avisa Tidens Krav.

Nordmøringane fylkar seg altså for å diskutere kven dei bør høyre til i framtida. Bør, kan og skal nokre av kommunane slå seg i lag med Sør-Trøndelag, eller er det tryggast og best å vere ein del av Møre og Romsdal?

Folkemøte i Kristiansund

Nokre få ekstra fekk plass på folkemøtet der det er sitjeplass til 280. Fleire måtte snu i døra.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Surnadal vurderer skifte

Ei full eller delvis lausriving av Nordmøre frå Møre og Romsdal, kom på agendaen i samband med den oppheita debatten om kvar nye-sjukehuset for Nordmøre og Romsdal skulle plasserast.

Mellom dei mange som er møtt fram for å diskutere om Nordmøre bør lausrive seg frå Møre og Romsdal, er surnadalsordførar Lilly Gunn Nyheim (Ap). Ho seier til at Surnadal lojalt støtta resten av Nordmøre for ei plassering av sjukehuset på Storbakken på Frei, men at tida no er inne for ei vurdering av spørsmålet om lausriving eller ikkje.

Lilly Gunn Nyheim

Lilly Gunn Nyheime, arbeidarpartiordførar i Surnadal er ein av mange som er med på møtet i Kristiansund i kveld.

Foto: Roar halten / NRK

Nyheim viser til at Surnadal alt er knytt til Sør-Trøndelag på fleire måtar.

– Vi brukar fleire helsetenester i Orkdal og Trondheim, og vi samarbeider også godt om renovasjon og barnevern, slår ho fast.

– Kan bli utvatna

Fylkesordførar Jon Aasen, også han frå Arbeidarpartiet, meiner Surnadal og dei andre nordmørskommunane må tenkje seg nøye om i denne saka.

– Det går ei urbaniseringsbølgje over landet, og Surnadal bør ikkje la seg bli utvatna av denne bølgja. Dei bør ikkje med vilje og vitande legg la seg overføre til storbyen Trondheim, seier Aasen til NRK.

Jon Aasen

Fylkesordførar Jon Aasen åtvarar mot lausriving av til dømes Suranadal, og meiner at det ikkje vil styrke kommunen om han går over til Sør- Trøndelag.

Foto: Roar Halten / NRK

Korkje kultur eller identitet blir utfordra av lausrivings-debatten, hevdar Aasen. Men han minner nordmøringane om at dei både har fleire kraftselskap og mange arbeidsplassar som bør takast vare på for framtida.

I tillegg til fylkesordføraren, består panelet under folkemøtet a kristiansundsordførar Kjell Neergaard, ordførar Ole Laurits Haugen i Hitra kommune, regionrådsleiar Ola Rognskog og Jan Erik Larsen i Kristiansund og Nordmøre Næringsforening.

Det blir inga avgjerd om lausriving eller ikkje på folkemøtet i kveld. Møtet er arrangert for at temaet skal drøftast.