Hopp til innhold

Tang og tare kan bli nytt laurdagsgodt

– No kan vi få laurdagsgodt av tang og tare. Tarepotetgull, brente mandlar med salt havsmak, sjokolade, iskrem og smaksforsterkar til supper og brød er på plass i hyllene.

Poser med butare hos Fisketorget i Ålesund

Godterier og smakstilsettingar laga av tang og tar finn du stadig oftare i norske butikkar og i maten på mange restaurantar.

Foto: Frode Berg / NRK

I åra framover kan tareprodukta skape store verdiar for Noreg. Fleire tarefarmar dukkar opp langsmed norskekysten og nye produkt kjem ut i butikkane.

Tang og tare vil vere eit viktig næringstilskott både for menneske og dyr dei neste åra, seier forskar Céline Rebours ved Møreforsking. Rebours leiar den internasjonale forskargruppa Promac.

Kortreist tang

Ein av dei nye tangprodusentane er Annelise Chapman. Ho har hoppa av forskarkarrieren for å drive sin eigen tarefarm i Herøy på Sunnmøre. No i desember er ho på veg ut i butikkane med sunn havsnacks av butare og ei rekkje andre tareprodukt. Chapman vil overtyde det norske folk om at tang og tare har ein naturleg plass i kosthaldet.

Annelise Chapman, Tango Seaweed

Annelise Chapman hoppa av forskarkarrieren for å dyrke tang og tare.

Foto: Frode Berg / NRK

– Fleire får no auga opp for korleis vi kan bruke desse produkta i maten vår. Dette er kortreist mat som veks langsmed norskekysten, seier Chapman.

– Kundane kjem til å like det

Anita Rogne meiner at kundane hennar no vil ha tang og tare og at dei kjem til å like det. Rogne er dagleg leiar av Fisketorget i Ålesund. Dei satsar no på tang og tare både i butikken og i restauranten.

Anita Rogne, daglig leder, Fisketorget

Anita Rogne, Fisketorget i Ålesund.

Foto: Frode Berg / NRK

– No ser vi at butare, sukkertare og søl er veldig i vinden. Dette er noko folk likar.

– Vi skal ikkje berre bruke desse produkta saman med fisk, men vi satsar også på kaker og sjokolade der tang og tare gir ein god smak, seier Rogne

Ho meiner at kundane no må få vite kva dette er og smake litt på det, Då vil dei også like det.

Dyrkingsanlegg for tang og tare

Tango Seaweed sitt dyrkingsanlegg liknar på eit vanleg oppdrettsanlegg, men nede i sjøen er det ikkje fisk. Der veks det tare på mange meter med tau. Annelise Chapman set ut stiklingar mot slutten av året, og kan hauste taren etter nokre få månader.

Sukkertare

Tange og tare veks i dyrkingsanlegg på Norskekysten.

Foto: Annelise Chapman / Tango Seaweed AS

– Folk er spente og nysgjerrige. Mange har fått med seg at tang og tare både kan smake godt og er bra for helsa. No lagar vi mat for menneske, men taren kan og brukast til mykje anna som til dømes kosmetikk, dyrefôr og produksjon av energi.

Chapman meiner verdiskapinga på lengre sikt kan nå dei same høgdene som oppdrett har i dag, men ho vil eigentleg ikkje samanlikne seg med ein fiskeoppdrettar. Ho meiner oppdrett av tang og tare liknar meir på landbruksnæringa.

– Produkta våre kan etter kvart samanliknast med korn, poteter, ris, kveite og frukt, Om nokre år kan tang og tare vere ein viktig del av norsk kosthald,

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL