Hopp til innhold

Lasteskip med ni mann om bord gjekk på grunn ved Ålesund

Eit lasteskip gjekk på grunn på Lerstad i Ålesund. Det var ni mann om bord i båten. Skipet er no dratt av grunnen.

Skip på grunn i Ellingsøyfjorden.

Lasteskipet «Holmfoss» gjekk med med baugen i fjøresteinane.

Foto: Leiv-Erik Bondevik / NRK

Ingen av dei ni personane vart skadde då lasteskipet gjekk i fjøresteinane i Ellingsøyfjorden i 13.30-tida.

Hovedredningssentralen starta ein aksjon då skipet grunnstøytte og både politi, brannvesen og ambulanse rykte ut.

Klokka 14.30 meldte politiet at redningsaksjonen var avslutta og at det ikkje er mistanke om lekkasje av drivstoff eller olje.

Reiarlaget sitt ansvar

Slepebåten Max Mammut er nå ved skipet som har grunnstøtt.

Slepebåten Max Mammut er på plass ved lasteskipet.

Foto: Leiv-Erik Bondevik / NRK

Det var reiarlaget som fekk ansvar for å berge båten. Like før klokka 16 blei lasteskipet trekt av grunn og slept ut i Ellingsøyfjorden av ein slepebåt.

Skipet heiter «Holmfoss» og er ein del av Eimskip-flåten. Det er snakk om et kombinert fryse- og containerskip.

Båten var ifølgje Marinetraffic.com på veg frå Rørvik i Trøndelag til Ålesund.

Holmfoss går no av eiga maskin.

Politiet skal no finne årsaka til at den rundt 80 meter lange båten gjekk på grunn.

Brannbåt ved grunnstøtt båt i Ellingsøyfjorden

Brannbåt er ved det grunnstøytte lasteskipet «Holmfoss»

Foto: Leiv-Erik Bondevik / NRK

Ruta til "Holmfoss"

Ruta til lasteskipet frå Rørvik til Ålesund

Foto: Skjermdump Marinetraffic.com
Eit lasteskip har gått på grunn på Lerstad i Ålesund. Det er ni mann om bord i båten.

NRK-reporter Leiv-Erik Bondevik rapporterte frå staden