Ingen av dei ni personane vart skadde då lasteskipet gjekk i fjøresteinane i Ellingsøyfjorden i 13.30-tida.
Hovedredningssentralen starta ein aksjon då skipet grunnstøytte og både politi, brannvesen og ambulanse rykte ut.
Klokka 14.30 meldte politiet at redningsaksjonen var avslutta og at det ikkje er mistanke om lekkasje av drivstoff eller olje.
Reiarlaget sitt ansvar
Slepebåten Max Mammut er på plass ved lasteskipet.
Foto: Leiv-Erik Bondevik / NRKDet var reiarlaget som fekk ansvar for å berge båten. Like før klokka 16 blei lasteskipet trekt av grunn og slept ut i Ellingsøyfjorden av ein slepebåt.
Skipet heiter «Holmfoss» og er ein del av Eimskip-flåten. Det er snakk om et kombinert fryse- og containerskip.
Båten var ifølgje Marinetraffic.com på veg frå Rørvik i Trøndelag til Ålesund.
Holmfoss går no av eiga maskin.
Politiet skal no finne årsaka til at den rundt 80 meter lange båten gjekk på grunn.
Brannbåt er ved det grunnstøytte lasteskipet «Holmfoss»
Foto: Leiv-Erik Bondevik / NRKRuta til lasteskipet frå Rørvik til Ålesund
Foto: Skjermdump Marinetraffic.comNRK-reporter Leiv-Erik Bondevik rapporterte frå staden