Hopp til innhold

Lasteskip grunnstøytte – politiet etterforskar saka

Fraktefartøyet som grunnstøytte utanfor Aukra i Romsdal i morgontimane torsdag er no tatt av grunna. Politiet etterforskar saka og vil avhøyre føraren av skipet.

Lasteskip med asfalt gjekk på grunn i Aukra

GJEKK PÅ GRUNN: Eit skip lasta med asfalt har gått på grunn i Aukra.

Foto: Kjell Stian Brunes

Lastebåten gjekk på ei grunne ved nordspissen av Aukra kommune i 08-tida torsdag morgon.

Det var ikkje fare for mannskapet om bord, og Hovudredningssentralen fortalde at dei som var om bord i skipet kunne gå tørrskodd i land dersom det skulle bli behov for å evakuere båten.

Vil avhøyre føraren

Skipet er torsdag ettermiddag på veg til Elnesvågen i Hustadvika og politiet vil møte dei fem personane som er om bord, der.

– Vi vil sette i verk taktisk etterforsking og avhøyre føraren, seier Erik D. Dyb, operasjonsleiar i Møre og Romsdal politidistrikt.

Ingen skadd

Politiet blei varsla om grunnstøytinga torsdag morgon.

– Skipet er lasta med asfalt og vi blei varsla om hendinga 08.37. Ingen av dei om bord skal vere skadd, sa operasjonsleiar i Møre og Romsdal politidistrikt Jens Dahl torsdag føremiddag

Tok inn vatn

Skipet tok inn vatn og brannvesenet hjelpte til på staden med å lense havaristen for vatn.

Det er ikkje meldt om utslepp frå skipet, melder Hovedredningssentralen i Sør-Noreg som koordinerte aksjonen.

Klokka 10.40 var Kystvakta og brannvesenet framme på staden for å eventuelt hjelpe til med å pumpe ut vatn frå lasteskipet.

Kom seg laus

Redningsselskapet gjennomførte eit dykk for sjekke skadane på fraktebåten, men det var vanskeleg for dykkarane å sjå skadeomfanget på båten.

– Dei er nettopp ferdig med å dykke. No vil båten gjere eit forsøk på å kome seg laus av skjæret. Då vil vi og sjå kva skadar båten har fått, sa Jan Erik Skorpe klokka 11.55.

Klokka 12.28 meldte politiet at skipet hadde kome seg av grunna. Politiet opplyser at dei opprettar sak og vil etterforske kva som var årsaka til at lasteskipet gjekk på grunn.

Skipet gjekk på grunn på nordspissen av Aukra.