Hopp til innhold

Sette inn ekstra ferje – lastebilsjåførane fekk lengre dagar

Øykommunen Smøla fekk ei ekstra ferje og hyppigare avgangar, men transportnæringa fortvilar. Ugunstige pausar i sambandet har ført til lengre dagar og sjåførar som må dra heim utan lastebil.

Lastebilsjåfør Steffen André Rangnes i Brødrene Sætran på Smøla.

Lastebilsjåførane på øya Smøla har fått lengre dagar etter at dei fekk ei ekstra ferje. Fleire gonger har dei måtta setje igjen eit køyretøy på ferjekaia, på grunn av køyre- og kviletid.

Foto: MARIUS ANDRÉ JENSSEN STENBERG / NRK

Lastebilsjåfør Steffen André Rangnes håpte at alt skulle bli betre med to ferjer, men slik blei det ikkje.

– Vi er halde for narr, seier Rangnes

Etter eit halvt års forseinking blei det sett inn ei ekstra splitter ny el-ferje på sambandet Sandvika – Edøy på Nordmøre i juni. Innbyggarane på øya Smøla må ta to ulike ferjer for å ta seg til næraste by, Kristiansund. Derfor var det etterlengta då dei gjekk frå avgang kvar time til kvar halvtime.

Likevel har Rangnes og kollegaane i Brødrene Sætran på Smøla fått lengre arbeidsdagar, misnøgde kundar og kviletid som kan slå inn før dei kjem seg heim.

– Vi fått eit mykje dårlegare tilbod. Kundane er fortvila, fordi dei ikkje får varene når dei skal. Vi er jo lurt, seier Rangnes.

Lastebilsjåfør Steffen André Rangnes i Brødrene Sætran på Smøla

Lastebilsjåfør Steffen André Rangnes synest det har blitt meir tungvint etter at dei fekk to ferjer. NRK møtte han på Seivika ferjekai i Kristiansund.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

Må setje frå seg lastebil

Grunnen er at det no er tre opphald på dagtid: I 08-tida, i 15-tida og i 18-tida, noko som kan føre til opptil halvannan times ventetid mellom avgangane.

God avstand mellom bilane.

Her er det blitt god avstand etter at den raude merkinga blei måla på. Det har ført til eit felt mindre.

Foto: Iver Nordseth

I tillegg har Fjord1 merkt om bildekket på den eine ferja så avstanden blir større mellom bilane. Ferja tar no 36 bilar i staden for 50. Dermed risikerer både vogntog og bilar å ikkje få plass på første ferje etter trafikkopphaldet på kveldstid, fordi det hopar seg opp med bilistar i kø.

Då kan kviletida tre inn for sjåførane.

– Det har skjedd meg opptil fleire gonger. Då set eg bilen til sides og ber sambuaren om å kome og hente meg, så må køyretøyet bli henta dagen etter, seier Rangnes.

Dette fører også til auka utgifter for selskapet.

Meiner det er uhaldbart

Svein Roksvåg, ordførar Smøla

Ordførar Svein Roksvåg i Smøla kommune (Sp).

Foto: Smøla kommune

Ordføraren på Smøla seier at pausane er på svært ugunstige tidspunkt, noko som råkar både bussen og pendlarar. Han seier mange er frustrert over situasjonen.

– Det seier seg sjølv at viss du jobbar i Kristiansund og får halvannan time ekstra reiseveg kvar dag, så går ikkje det. Det er det ingen som aksepterer, seier ordførar Svein Roksvåg (Sp).

Visste ikkje om ny merking

Transportselskapet til fylkeskommunen, Fram, blei ikkje informert om at ferja blei merkt om til å ta færre bilar. Årsaka skal ha vore enklare lasting og lossing av fartøyet, ifølgje reiarlaget.

Jesper Wiig i Fram

Jesper Wiig er seksjonsleiar i Fram. Han meiner at rutetidene blir sett opp med sikte på å gi eit best mogleg tilbod til publikum.

Foto: Remi Sagen / NRK

Dei har bede reiarlaget Fjord1 om å merke om ferja igjen, så begge kan ta 50 bilar. Det har dei svart at dei skal gjere.

Fram er no i dialog med kommunen og Fjord1 om å endre rutetidene igjen.

Seksjonsleiar i Fram, Jesper Wiig, svarar til NRK at korrespondanse mellom dei to ferjesambanda ut til Smøla er viktig. Dei arbeider no med å tilpasse rutetidene for å få eit betre tilbod til publikum. Han skriv at dei også vil ta omsyn til buss.