Lastebilbrann ved Ranes

  • Situasjonen avklart

    Nordmøre og Romsdal politidistrikt melde klokka 16:35 på Twitter at situasjonen no er avklart og at trafikken blir dirigert forbi lastebilen. Ifølge politiet er årsaka til brannen flis frå lasten som har tatt fyr etter kontakt med eksosanlegget. Det skal ikkje dreie seg om store skadar.

  • Brannen under kontroll

    Brannvesenet melder at brannen skal vere under kontroll og at det no i hovudsak dreier seg om ettersløkking. Eigaren av lastebilen skal ha greidd å delvis sløkke brannen.